Hopp til innhald

Fagstoff

Kven kan drive jakt og fangst?

Alle som skal drive jakt og fangst, må ha kunnskapar om jaktbare artar, våpen og regelverk knytt til jakt. Du må vere ført opp i Jegerregisteret og ha betalt jegeravgift. Viss du ikkje står i Jegerregisteret frå før, må du ta jegerprøven.
Kvinne sit i landskap med haustfarga lyng og snøflekkar, med jaktvåpen i fanget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jegerprøven

For å ta jegerprøven må du gå gjennom eit obligatorisk kurs. Under jegerprøvekurset lærer du om kva artar det er lov å jakte på i Noreg. Regelverket knytt til jakt og bruk av våpen er også pensum. Til slutt må du bestå ein teoretisk prøve om jakt og artar. Du kan ta jegerprøven frå det året du fyller 14 år.

Storviltprøven

For å delta på storviltjakt må du i tillegg gjennomføre ein skyteprøve kvart år.

Aldersgrenser

Du kan jakte småvilt sjølvstendig når du har fylt 16 år. Frå det året du fyller 14, kan du delta i fangst eller opplæringsjakt på småvilt med våpen dersom du har løyve frå føresette og har teke jegerprøven.

Storvilt kan du jakte sjølvstendig når du har fylt 18 år. Frå det året du fyller 16 år, kan du delta i opplæringsjakt på storvilt med våpen dersom du har teke jegerprøven og bestått storviltprøven og har løyve frå føresette.

Det er eigne krav til korleis opplæringsjakta skal vere organisert.

Løyve til å jakte

I tillegg til å vere godkjend jeger må du ha løyve til å jakte frå grunneigaren. For småvilt er dette som regel organisert slik at du kjøper eit jaktkort eller avtaler direkte med grunneigaren at du får disponere eit jaktterreng. Til dømes gir mange grunneigarar deg løyve til å jakte gratis på duer på jordet om hausten, mens eksklusive rypeterreng på fjellet kan ha ein høg pris. For bever, rådyr og storvilt er det fellingsløyve. Jakt på rovdyr er organisert som lisensjakt. Det vil seie at det blir gitt spesielt løyve til å jakte på berre nokre få dyr i eit gitt geografisk område.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Jakt og fangst