Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær meir om ein jaktbar art

Målet med denne fordjupingsoppgåva er å lære meir om éin av dei jaktbare artane i Noreg, og korleis det blir drive jakt på denne arten.
To orrhanar som slåst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

Avtal i klassen om dette skal vere ei innleveringsoppgåve, eller om de skal lage ein presentasjon som de held for resten av klassen.

Oppgåva kan gjerast i grupper eller éin og éin.

Vel ein art

Vel ein jaktbar art som de ønsker å lære meir om. Vel gjerne ein art som det er jakt på i området der de bur.

Finn fakta om arten

Bruk bøker og nettsider og finn fakta om arten. Her er nokre stikkord til innhald det kan vere aktuelt å ha med opplysningar om:

  • utsjånad og storleik
  • utbreiing
  • ernæring
  • forplantning
  • andre opplysningar de finn

Jakt på arten

Forklar korleis det blir jakta på arten. Her er nokre stikkord til innhald det kan vere aktuelt å ha med opplysningar om:

  • jakttid
  • jaktformer og våpen
  • hunderasar
  • jaktstatistikk
  • historisk jakt/fangst av arten
Harejeger på post. Ein hare sit ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Hugs at de skal opplyse om kjeldene de har brukt i oppgåva.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2017

Læringsressursar

Jakt og fangst