Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til Louder than Bombs

Louder than Bombs er ein spelefilm om ein familie i sorg som har problem med å snakke saman. Draumar har ein sentral plass i filmen, og historia vert fortald gjennom fleire tilbakeblikk. Her er oppgåver til handling, sjanger og filmspråk.

Oppgåver til filmen

Handlinga

  1. Kva er det som set konflikten i filmen i gang?
  2. Gi ein karakteristikk av dei to brørne, Jonah og Conrad. Korleis har dei takla sorgen sidan mora døydde? Korleis utviklar dei seg i filmen? Vil du seie at dei er statiske eller dynamiske? Får du sympati med dei?
  3. Kvifor trur du Conrad lyg til faren og fortel at han er saman med nokre vener, mens han eigentleg er aleine?
  4. Historia er fortald med ei rekkje tilbakeblikk. Ta utgangspunkt i eitt tilbakeblikk i filmen, der Conrad tenkjer på mora. Kva slags inntrykk får du av mora gjennom desse tilbakeblikka?
  5. Vi får også sjå ei rekkje tilbakeblikk der mora og faren snakkar saman. Kva slags inntrykk får du av mora i desse tilbakeblikka?
  6. Draumar har ein sentral funksjon i filmen. Ta utgangspunkt i ein av draumane som vert skildra, for eksempel draumen mora fortel om, at ho vart valdteken mens faren ser på. Korleis tolkar du draumen?
  7. Kva slags forhold har dei to mennene og ungguten i familien til kvinner og jenter?
  8. Kva er vendepunktet i filmen?
  9. Diskuter: Er det forskjellige vendepunkt om vi skiftar mellom Jonahs og Conrads perspektiv?
  10. Kva trur du skjer vidare med Conrad og Jonah?

Sjanger

  1. Kva er ein sjanger?
  2. Kva for sjanger vil du plassere Louder than Bombs i?
  3. Kjenner du til andre filmar i same sjanger?

Spørsmål til diskusjon

  1. Kva meiner du er tema i filmen?
  2. Korleis skildrar filmen sorg? Kjenner du til andre filmar eller bøker om sorg? Og finn du i så fall nokre likskapstrekk mellom skildringa av sorg i Louder than bombs og dei andre filmene du har sett / bøkene du har lese?
  3. I ein sorgprosess er det ikkje uvanleg at ein føler seg veldig einsam, fordi ein sørgjer på ulike måtar. Korleis sørgjer dei tre, faren, Conrad og Jonah? Kva blir dei møtte på? Kva skapar avstand?
  4. Korleis skildrar filmen relasjonar mellom søsken, og mellom foreldre og barn?
  5. Tolk tittelen «Louder than bombs».
  6. Eit tema i filmen kan vere kommunikasjon og kommunikasjonsvanskar. Kvifor klarer ikkje faren og Conrad å kommunisere? Og kva er det som gjer at dei til slutt får det til?
  7. Kva slags syn på kjærleik meiner du filmen kommuniserer?

Filmspråket:

  1. Filmen er klipt slik at historia ikkje vert fortald kronologisk, men i form av ei rekkje tilbakeblikk. Kva gjer det med tilgangen vår til informasjon om kva som er plottet?
  2. Delar av filmen er i svart-kvitt. I kva situasjonar er han det?
  3. Fleire gonger i filmen får vi sjå ein situasjon frå to ulike sider, for eksempel då faren følgjer etter Conrad, og vi etterpå får vite at Conrad ser han i spegelen i kafeen han har gått inn i. Kva synest du det gjer med historia, at vi får sjå ein situasjon slik han ser ut frå to sider?
CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmanalyse