Hopp til innhald

Fagstoff

Utkøyring av tømmer

I dag går transporten føre seg av tømmer frå hogstplassen og fram til lunneplassen stort sett ved hjelp av lassberar.
Ein lassberar løftar fleire tømmerstokkar med snø på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lassberar

Det er ei krevjande oppgåve å transportere tømmeret frå hogstplassen og fram til lunneplassen. Bratt og ulendt terreng, blaute myrer og andre variasjonar i køyreforholda stiller ofte store krav til både utstyret og maskinføraren. I dag blir tømmeret køyrt ut med lassberarar, ei spesialmaskin bygd for å transportere tømmeret fram til lunneplassen på hjul. Dette er viktig for å unngå at tømmeret blir tilgrisa.

Ein lassberar består av to hovuddelar: ein framdel med førarplass og motor og ein bakre del der tømmeret blir lagt. På den bakre delen er det montert ei kran til på- og avlessing av tømmeret. Styringa av maskina skjer i eit ledd på midten. Framdel og bakre del kan òg bevege seg sidevegs uavhengig av kvarandre. Det er nødvendig for å kunne ta seg fram i ulendt terreng. Lassberaren kan ha åtte hjul, med boggi på både framdel og bakre del. Hjula er utstyrte med kjettingar eller belte for sikker køyring og god framkomst.

Skal du bli ein dyktig lassberarførar, må du ha god opplæring. Spesielt krev handtering av krana mykje øving, helst på ein trygg og sikker plass, før du kan byrje å køyre ute i terrenget.

Andre metodar for utkøyring av tømmer

Traktor

Traktoren er framleis i bruk til utkøyring av tømmer, spesielt når det er mindre kvanta som skal transporterast. Traktor er aktuelt for gardsskogeigarar som høgg og køyrer tømmer i eigen skog.

Ein vinsj kan monterast bak på traktoren. Tømmeret blir vinsja bort til traktoren, og traktoren sleper deretter tømmeret etter seg ut av skogen. Fordelen med denne metoden er at gardbrukaren med nokre tilpassingar av traktoren kan køyre ut tømmer utan å investere mykje i utstyr. Tømmeret kan kappast ute i skogen før det blir køyrt ut, eller på velteplassen.

Ein traktor med påmontert vinsj trekker ein tømmerstokk. Ein person med verneutstyr står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med ein tømmerhengar til traktoren kan vi køyre større lass ut av skogen om gongen. Ein annan fordel med denne metoden er at tømmeret ikkje blir slept langs bakken, og vi unngår at tømmeret blir forureina av sand og jord. Ein tømmerhengar er ei større investering enn ein vinsj, men han er billigare enn ein lassberar. Dette utstyret kan òg brukast viss vi skal samle saman kvist og hogstavfall som skal hoggast opp til flis.

Krana på ein tømmerhengar plukkar opp to tømmerstokkar i eit hogstfelt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hesten

Traktoren vart teken i bruk i skogbruket i 1950-åra. Før dette var hesten den viktigaste trekkrafta for transport av tømmer. Nokon få har tømmerdrift med hest som ein leveveg, men dette er gjerne heilt spesielle tømmerdrifter der maskiner av ulike årsaker ikkje kan nyttast, eller der det er snakk om nokre få tre som skal hoggast, og det ikkje er formålstenleg å nytte store maskiner. Nokon bruker køyring av tømmer eller ved som ein aktivitet med hesten.

Skal du bruke hest til utkøyring av tømmer, krev det at du har ein godt trena og veldressert hest. Hesten må vere van til å bevege seg i terreng, og du må kunne vere trygg på rørslene til hesten, elles kan det oppstå farlege situasjonar. Det er viktig å velje rett hesterase, og fjordingen og dølahesten er vanlege til tømmer- og vedkøyring.

Vanlege reiskapar til slik køyring er bøyledrag, stytting eller "bukk og geit". Underlaget avgjer kva reiskap som kan brukast. Reiskapen må vere lett for hesten å trekke og enkel for køyraren å betene ved på- og avlessing.

Ein fjording står klar til å trekke ut tømmer. Tre personar står bak ved sida av utstyret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kjell Ryland og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2022

Læringsressursar

Motorar og maskiner