Hopp til innhald

Fagstoff

Parti

Politiske parti kjempar om røystene til veljarane. For å få flest mogleg røyster prøver partia å fange opp veljarar som heilt eller delvis er einige i det som står i partiprogrammet. Partiprogrammet er partiet si «lov», og det blir vedteke av partiet sitt landsmøte før eit stortingsval. Programmet skal gi uttrykk for kva partiet meiner, og kva det vil gjere i mange politiske saker, og korleis det vil prioritere mellom sakene dersom partiet får makt.
Politiske partier - kommunevalg 2011. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordeling av mandat

I dag stiller partia valliste i kvart fylke ved stortingsvalet. Vallista fortel kva for personar partiet ønskjer skal stå på val, og i kva rekkjefølgje dei skal veljast. For å få representantar på Stortinget må eit parti ha ei viss oppslutning. Vi har rundt 30 politiske parti i Noreg, men berre sju av dei er store nok til å få plass på Stortinget. Det er 150 «vanlege» plassar, eller mandat, på Stortinget, fordelte etter partia si oppslutning i kvart fylke. Eit parti som er svært lite på landsbasis, kan få svært mange røyster i eitt enkelt fylke, og slik få inn ein stortingsrepresentant. Det skjedde til dømes då Kystpartiet, som hadde minimal oppslutning på landsbasis, i 2001 fekk 10 prosent av røystene i Nordland. I tillegg til dei 150 vanlege mandata er det 19 utjamningsmandat, eitt for kvart fylke. Desse mandata blir gitt til parti som i landsgjennomsnitt har minst 4 prosent oppslutning. Denne ordninga blir kalla sperregrensa og sikrar at også små parti kan bli representerte på Stortinget.

Geografiske omsyn

Vi har geografisk representasjon på Stortinget. Representantane blir valde frå fylka, som utgjer valkrinsane. I stortingssalen sit representantane som kjem frå Østfold, saman. Og dei som kjem frå Nordland, sit saman med andre frå Nordland. Samtidig representerer dei ulike politiske parti. I det store og heile vil omsynet til partiet sin vedtekne politikk vege tyngst for representantane, men i nokre saker, til dømes dei som gjeld lokaliseringsspørsmål, kan politikarane på Stortinget bli fristilte. Det vil seie at dei kan røyste utan å ta omsyn til kva fleirtalet i partigruppa meiner.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 29.05.2017

Læringsressursar

Det demokratiske systemet i Noreg