Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikkar i skriftleg arbeid

Medietekstar kan vere beskrivande, argumenterande eller forteljande, avhengig av kva formål teksten har. Det viktigaste er likevel at teksten er tilpassa kanalen han skal formidlast gjennom, og målgruppa han primært er skriven for.
Hand skriv med penn på ei blokk som ligg på eit PC-tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar tekstsjanger har si eiga verktøykasse med forteljeteknikkar og språklege verkemiddel. Ein journalist og ein medarbeidar i reklamebransjen jobbar med tekst på ulik måte.

Ei forteljing kan vere oppdikta (fiksjon) eller handle om noko som faktisk skjer eller har skjedd (fakta). Forteljaren er viktig for måten vi oppfattar ei historie på. Han eller ho organiserer stoffet og lèt oss sjå det som hender frå bestemde synsvinklar.

Forteljaren kan vere usynleg eller til stades som ei tydeleg stemme i forteljinga. Ein nyheitsartikkel er ein objektiv tekst der forteljaren er usynleg, men i eit kåseri eller ein kommentar er forteljarstemma tydeleg til stades. Slike tekstar kallar vi derfor subjektive.

Kva er formålet med teksten?

Kva forteljeteknikk ein skribent bruker, er avhengig av kva formålet med teksten er, og kva kanal han skal distribuerast gjennom.

  • Eit appellativt medieuttrykk har først og fremst som formål å overtyde oss om noko.
  • Eit ekspressivt medieuttrykk har først og fremst som formål å vekkje kjensler og/eller uttrykkje meiningar.
  • Eit informativt medieuttrykk har først og fremst som formål å formidle informasjon.

Ei nyheitsmelding er ein informativ tekst som er basert på fakta, men ei nyheitsmelding på radio er utforma litt ulikt frå ei tilsvarande nyheitsmelding i ei avis. Avismeldinga kan vi lese om igjen så mange gonger vi vil, mens meldingar på radio bør vere så enkelt og klart formulerte at alle der og då oppfattar kva det dreier seg om.

Reklameplakat for norsk øl. Øvst ser vi det norske flagget i fargar. Til venstre er det ei teikning i svart-kvitt av eit glas med øl. Til høgre ser vi ein tekst: "Drikk øl – for det er norsk!" Faksimile.

Hensikta med reklamen er å overtyde oss om noko. Ein reklame i ei avis eller på ein plakat må vere utforma slik at han med ein gong fangar merksemda vår. Den skriftlege teksten i ein reklame opptrer gjerne saman med eitt eller fleire visuelle element. Reklametekstar er derfor gjerne korte og fyndige. Reklamar kan spele på fiktive historier som vi kan identifisere oss med, eller dei kan vere reint faktabaserte.

I eit debattinnlegg eller ein kommentar ønskjer skribenten å gi uttrykk for sine eigne meiningar. Forfattaren presenterer eitt eller fleire synspunkt og underbyggjer desse med argument og døme. Slike tekstar kan vere saklege, men òg prega av sterke kjensler. I ekspressive tekstar er forfattaren gjerne synleg og vender seg direkte til lesaren eller lyttaren.

Kven fortel du for?

Ei barnebok er skriven på ein annan måte enn ei bok som vender seg til vaksne. Når Aftenposten Junior eller NRK Super presenterer saker i nyheitsbiletet, bruker dei enkle setningar og ord og uttrykk som barn kan forstå. Tenåringar som ser TV-serien Skam, er godt kjende med ord som "hooke" og "ditche". Bruk av slike ord er eit signal om at serien er retta mot ungdom og handlar om liva deira, men slike ungdommelege uttrykk kan vere omtrent uforståelege for folk over femti.

Før du byrjar å skrive, må du derfor tenkje nøye gjennom kven du skriv for, og korleis du kan forme teksten din slik at han kommuniserer med mottakarane.

Dei fem jentene i Skam med Gullruten-prisen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygging av teksten

Dei fleste forteljingar har ei byrjing, ein hovuddel og ein slutt. Nokre forteljingar er kronologiske. Då blir alt fortalt i den rekkjefølgja det skjer, men forteljinga kan òg gå fram og tilbake i tid.

Ei god forteljing er utforma slik at ho triggar mottakaren til å vidareføre forteljinga i sitt eige hovud. Ein god tekst treng derfor ikkje å seie alt. Det er spesielt viktig å hugse på når du jobbar med reklame.

Titlar og ingressar

Ein avistekst består gjerne av ein tittel, ein ingress og ein brødtekst. Brødteksten kan vere delt i avsnitt med eigne mellomtitlar. I ein nyheitsartikkel gir tittelen og ingressen lesarane ei oversikt over kva saka handlar om. Bilete og måten bilettekstane er utforma på, understrekar ofte vinklinga i saka. Mange les berre titlar, ingressar og bilettekstar når dei blar gjennom avisa eller skrollar gjennom nettavisa.

Nyheitssak frå nettsidene til NRK. Overskrifta er "Mogleg varmerekord i Death Valley". I ingressen står det "Søndag ettermiddag blei det målt 54,4 grader i Death Valley i California. Det er ein av dei høgaste temperaturane som er målt på jorda.". Under ingressen er det eit bilete av bilar som køyrer på ein veg i eit ørkenaktig landskap. Til høgre for vegen, i framgrunnen, er det eit skilt med påskrifta "CAUTION! EXTREME HEAT. DANGER". Skjermdump.

Døme på ein nyheitsartikkel

Aftenposten: Nå vil byrådet spandere sykkelreparasjoner

Tittel: "Nå vil byrådet spandere sykkelreparasjoner"

Ingress: "Et av flere tiltak som skal få flere oslofolk til å unngå koronasmitte på kollektivtransport."

Bilettekst: "Sykkelreparatør Tore Knudsen ved sykkelverkstedet På To Hjul i Grønlandsleiret har nok å gjøre. Siden anbefalingen fra myndighetene om ikke å reise kollektivt kom, har pågangen vært enorm. Før hadde de stort sett kunder fra nabolaget. Nå kommer de fra hele byen."

I subjektive tekstar som kommentarar og bloggar, blir titlar og ingressar utforma på ein annan måte.

Døme på mediekommentar

Dagbladet: Rasister har også ytringsfrihet

Tittel: "Rasister har også ytringsfrihet"

Ingress: "De skal møtes med motdemonstrasjoner, ikke forhåndssensur, og dømmes for hva de sier, ikke hva andre tror de kommer til å si."

Denne teksten er ein såkalla leiar, ein tekst der avisa fremjar sitt syn på ulike nyheitssaker.

Refleksjonsoppgåve

Les teksten.

Kva er bodskapen i leiaren? Korleis kjem det fram at teksten er subjektiv? Kan du finne nokre bevis?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag