Hopp til innhald

Fagstoff

Demokrati

Dei fleste statar i verda kallar seg demokratiske. Det er ingen garanti for at dei verkeleg er det, for omgrepet demokrati kan definerast på mange måtar.
Riksløven på Løvebakken foran Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige kjenneteikn ved demokratiet i Noreg:

  • Alle norske statsborgarar har røysterett frå det året dei fyller 18. Innvandrarar som har budd meir enn tre år i Noreg, har røysterett ved kommuneval.
  • Alle har rett til å skaffe seg informasjon om kva som skjer med tanke på styre og stell i landet. Noko informasjon får vi på skulen, noko gjennom media.
  • Alle har rett til å ytre meiningane sine offentleg. Ytringsfridommen er lovfesta.

Vi har altså røysterett, trykkjefridom og informasjons- og ytringsfridom.

Det norske demokratiet er forankra i paragraf 49 i Grunnlova, som seier: «Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget.» Ved vala røystar folket inn representantar til Stortinget, fylkestinga og kommunestyra. Dei som blir valde, er forplikta til å representere oss når dei tek avgjerder. Det at vi vel nokon til å ta avgjerder for oss, er eit døme på . Berre nokre få land i verda har ei form for . Sveits er eit døme på det. Her røystar innbyggjarane i mange enkeltsaker, og resultatet av avrøystinga avgjer saka. Vi seier då at avrøystinga er bindande for politikarane..

Sidan 1905 har vi hatt seks folkerøystingar i Noreg. Slike avrøystingar er rettleiande for politikarane. Det vil seie at politikarane, i alle fall i teorien, ikkje er tvinga til å gjere det fleirtalet av folket vil. Dei to siste norske folkerøystingane handla om Noreg skulle søkje medlemskap i EU. Begge gongene røysta eit lite fleirtal for ikkje å søkje om medlemskap. Sjølv om det største partiet i landet, Arbeidarpartiet, gjekk inn for medlemskap, følgde Stortinget resultatet av avrøystinga. Men det går ikkje nødvendigvis alltid slik. I 1955 hadde Sverige ei folkerøysting der spørsmålet var høgre- eller venstrekøyring på vegane. 83 prosent røysta for å halde fram med å køyre på venstre side av vegen. Likevel bestemte svenske politikarar seg for at Sverige skulle gå over til høgrekøyring.

Noreg har tre ulike forvaltningsnivå, med eigne ansvarsområde.

Staten sitt ansvarFylkeskommunen sitt ansvarKommunen sitt ansvar

Høgre utdanning

Folketrygda

Forsvaret

Riksvegar

Jernbaner

Arbeidsmarknadstiltak

Politi og domstolar

Fengsel

Skattar og avgifter

Utanrikspolitikk

Asylpolitikk

Sjukehus

Utforming av distriktspolitikken

Institusjonar i barneverns- og rusmiddelomsorga

Vidaregåande skular

Fylkesvegar

Distriktspolitiske verkemiddel

Regional planlegging

Drift av ein del kulturtilbod

Barnehagar

Barnevern

Grunnskular

Bibliotek

Kultur

Allmennhelseteneste

Sosialhjelp

Omsorg for eldre og funksjonshemma

Brannvern

Hamner

Kommunale vegar

Vatn, kloakk, renovasjon

Arealplanlegging, tomter

Byggjesaker

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Det demokratiske systemet i Noreg