Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølkeproduksjon

Når vi driv mjølkeproduksjon, held vi storfe med formål om å produsere mjølk som skal bli mat og drikke til oss menneske. For å produsere mjølk må kua få kalv jamleg. Det får ho cirka ein gong i året. Kua produserer vanlegvis mjølk i ti til elleve månader etter ho har fått kalv.

Mjølkekua

Tida kua produserer mjølk, blir kalla laktasjonsperioden. I laktasjonsperioden blir kua mjølka, og mjølka blir til ulike meieriprodukt.

Om lag halvparten av norske kyr bur i lausdriftsfjøs der dyra beveger seg fritt. Her blir dei mjølka anten ved hjelp av ein mjølkerobot eller i mjølkestall. Resten av kyrne bur i båsfjøs der dei står i kvar sin faste bås og blir mjølka der.

Det krev mykje energi å vere ei høgtytande mjølkeku. Ei norsk mjølkeku produserer cirka 8000 liter mjølk i året! Derfor er det viktig med godt stell, og med rett fôring i laktasjonsperioden. Særleg viktig er det at fôret inneheld nok energi og kalsium, for kua bruker mykje av det til mjølkeproduksjonen.

Mjølkemengda stig raskt dei første dagane etter kalving, og ho held fram med å stige i seks til åtte veker etter kalving, for deretter å minke gradvis fram til kua sluttar å mjølke etter om lag ti månader. Innhaldet av feitt og protein i mjølka er vanlegvis høgast kort tid etter kalving og lågast når den daglege mjølkemengda er størst, og så aukar det litt utover i laktasjonsperioden.

Mjølkerobot

Om lag halvparten av mjølka i Noreg blir henta inn ved hjelp av såkalla mjølkerobotar, der kyrne sjølve går inn i mjølkeroboten og blir mjølka automatisk. Mjølkerobot finst i dag på omtrent ein tredel av norske mjølkegardar. Her kan du sjå ein film om korleis mjølkeroboten fungerer:

Fôring

Nyare forsking har vist at mengda energi vi fôrar kyrne med i dei første dagane og vekene etter kalving, avgjer kor høg vi får, både per dag og gjennom heile laktasjonsperioden. Tidlegare var det vanleg å registrere ytinga til kyrne og så tildele fôr etter kor mykje mjølk dei gav. No har vi tilgang på dataprogram som gjer at vi kan planlegge, føreseie og styre mjølkemengda ut frå det som gir best økonomi og utnytting av ressursane på garden. Dette kallar vi strategisk fôring.

Brun og kvit ku står i haustlyng mot blå himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjølkeproduksjon i tal

I 2023 var det 6499 besetningar med mjølkekyr her i landet, og i gjennomsnitt var det 31 kyr i kvar besetning. Talet på besetningar har gått ned siden 1998, mens talet på kyr per besetning har auka.

Mjølkekyr

år

besetningar med mjølkekyr

tal på mjølkekyr

tal på mjølkekyr per besetning, gjennomsnitt

199823 433322 79113,8
200020 493301 19914,7
201011 529245 00121,3
20158 860228 44525,8
20207 214207 85528,8
20236 499203 32731,3

Tal for fleire år finn du hos Statistisk sentralbyrå.

Yting

Gjennomsnittleg årsyting for mjølkekyr i Noreg ligg på i underkant av 8000 liter mjølk per år. Dette blir rekna som eit optimalt nivå for å utnytte evna og fortrinnet til kua som drøvtyggar med vanleg godt grovfôr. Men spreiinga i yting er betydeleg, og i mange besetningar er den gjennomsnittlege årsytinga 10 000 liter eller meir. Mange, men ikkje alle som oppnår så høge ytingar, bruker relativt mykje kraftfôr. Har vi eit godt og næringsrikt grovfôr, og kanskje òg tilgang på andre fôrmiddel som fôrmais, betar og potet, kan vi oppnå høg yting utan spesielt høg bruk av kraftfôr. Dette krev god kunnskap om behova til dyra og innhaldet i det vi fôrar med, og dessutan god fôrplanlegging.

Råmjølk

Kvit mjølkepudding lagd opp med frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hos storfe, til liks med hos alle pattedyr, blir hormona i kroppen påverka slik at mjølkeproduksjonen startar hos mora rett etter at ho har fødd. Dei første døgna i mjølkeperioden er mjølka spesielt rik på næring som den nyfødde treng. Mjølka inneheld dessutan òg immunstoff som ungen har evne til å suge opp dei første timane. Dei er viktige for å verne det unge dyret mot infeksjon. I løpet av den første veka etter kalving går det høge innhaldet av protein, andre næringsstoff og immunstoff ned, og mjølka får den vanlege samansetjinga si. Hos ku kallar vi dei første fem døgna råmjølkperioden. Den mjølka som blir produsert då, er svært godt eigna som fôr til kalven, men må ikkje leverast til meieriet. Råmjølka som kalven ikkje drikk fersk, bør takast vare på så ho ikkje blir sur eller skjemd på anna vis. Ho kan vere eit godt kalvefôr.

Diskuter

  • Blir strategisk fôring brukt i ei besetning du kjenner? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Kva er målsetjinga for årleg mjølkeproduksjon per ku i ei besetning du kjenner?
  • Kvifor er målsetjinga slik, og ikkje 1000 liter høgare eller lågare per ku?
Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2023, 11. mai). Husdyrhald. https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/jordbruk/statistikk/husdyrhald

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Storfe