Hopp til innhald

Fagstoff

Driftsbygningar og andre næringsbygg i naturbruksnæringane

I naturbruksnæringane er det behov for mange ulike typar bygg. Gjennom tidene har krava og behova endra seg. Når vi skal bygge hus, er det mange omsyn å ta, og bygningane må vere tilpassa det dei skal brukast til.
Veksthus om natta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Huset i historia

I tidlegare tider budde ofte menneske og dyr i kvar sin ende av det same huset. Husa var bygd av stokkar og torv, eller stein.

Men byggeskikkar endrar seg, og etter kvart blir det vanleg å bruke tømmer til husbygging. Gardane får fleire hus, og det blir bygd eigne hus for kvart behov: fjøs for dyra, stabbur for oppbevaring av mat, smie til reparasjon av reiskapar. Eit gardstun kan bestå av mange ulike hus.

Etter kvart som landbruket endrar seg på 1800-talet, frå sjølvberging til sal av produkt, blir det bygd større bygningar som samlar fleire funksjonar. Dyreromma er gjerne i hovudetasjen, med gjødselkjellar eller møkkakjeller under og høylager på låven. Dette lettar arbeidet både med høy og gjødsel.

Hus i utmarka

Ei lita trebu med torvtak i fjellandskap. Foto.

Det var viktig å utnytte utmarksressursane. På setra var det hus til budeiene som skulle bu der heile sommaren. Dei måtte òg ha lagerplass for produkta som vart laga. Det vart bygd utløer for høyet. Skogsarbeidarar, jeegerar og fiskarar overnatta i små, enkle hus eller buer av stein eller tømmer.

Nyare tid: spesialiserte produksjonar

I dag blir det ofte bygd store bygningar til spesialiserte produksjonar. Auka konsesjonsgrenser til dømes i fjørfe-produksjonar og krav til effektiv drift fører til større einingar. Fleire gardar kan slå seg saman om eitt stort fjøs for mjølkeproduksjon. Dette blir kalla samdrift.

Ulike næringar – ulike bygningar

Naturbruksnæringane er ulike, og det er òg bygningane som høyrer til. Lovverket stiller krav til plassering av bygningar, til byggemateriale, utforming, dyrehelse, brannsikkerheit og miljø for å nemne noko. Det er ulike krav til utforming og tekniske løysingar alt etter kva bygningen skal brukast til. Eit hus skal stå i mange år, så du må planlegge godt før du byrjar å bygge. Offentlege etatar og private konsulentar gir råd.

På ein gard finn ein hus til folk, reiskap, avlingar og dyr. Driftsbygningane er spesialiserte for å vareta behova til dyra og til menneske som jobbar der. Ulike dyreslag har særlege krav knytte til moglegheit for rørsle, temperatur, lys, luft og fukt. Reglane for utforming og tekniske løysingar står i forskrift om husdyrhald.

Brygge med eit stort, kvitt hus. Foto.

I fiskerinæringa finst bygningar for fisk, oppdrettsanlegg, og bygningar for reiskap og mindre båtar. Langs kysten har folk bygd naust, brygger og kaier for å oppbevare båtar og reiskapar, og for å ta imot og lagre fisk og andre varer. Kaier og brygger dannar kontaktpunktet mellom vatn og land. Etter kvart som fiskeria utvikla seg, vart det bygd større brygger ved kaiene, med både produksjonsanlegg og kjøle- og fryselager. I dag har vi òg levande fisk i hus, i landbaserte oppdrettsanlegg.

Veksthus er spesialiserte bygningar tilpassa planteproduksjon. For veksthus eller hus som skal brukast til lagring av planteprodukt, er det krav til lys, temperatur og luftfukt.

Naturbruksnæringane bruker i dag maskinelt utstyr og avanserte reiskapar og verktøy. Til dette finst garasjar, reiskapsrom og rom for tekniske innretningar. Vi bør ha eit eige hus for maskinparken. Her kan vi parkere maskiner og køyretøy, og her er det plass til å utføre vedlikehaldsarbeid. Innomhus er maskinene beskytta mot fukt som kan føre til korrosjon.

Stor garasje på gard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På ein arbeidsplass er det òg bygningar for dei som jobbar der. Det skal vere tilgang til toalett og garderobe og moglegheit for å ete og å ta pausar. Husa skal vere ein god arbeidsplass for naturbrukaren. Ein må legge vekt på utforming og praktiske løysingar som kan gi eit godt arbeidsmiljø. I enkelte tilfelle er det sikkerheitsreglar knytte til korleis bygningane skal vere.

Materiale og vedlikehald

I Noreg har treverk vore eit vanleg byggemateriale. I dag blir det gjerne brukt plater i ulike materiale til kledning på driftsbygningar og andre næringsbygg. Fundamentet er støypt i betong.

Bygningar representerer store verdiar. Det er derfor god økonomi i å halde bygningsmassen ved like. Det er nødvendig med dagleg ettersyn og fortløpande reparasjonar, og det er viktig å ha gode planar for større vedlikehaldsarbeid.

Tenk gjennom

  • Kva bygningar er tradisjonelt vore i bruk i den eller dei naturbruksnæringane du kjenner best til?

  • Kva bygningar er i bruk i dag i desse næringane?

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Bygningar og anlegg