Hopp til innhald

Fagstoff

Vedlikehald av bygningar

Vedlikehald av bygningar er ei stor og viktig arbeidsoppgåve gjennom heile året. Mange av desse oppgåvene må leggast til bestemde tider av året.
Ein mann står bøygd mot ei open garasjedør og jobbar med verktøy. Ei sag og eit vaterpass står bak han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehald av bygningar

Det enkle, daglege vedlikehaldet er ofte det viktigaste. Dette består av ettersyn og mindre reparasjonar.

Bygningar som er i dagleg bruk, er enklast å ha kontroll på. Bygningar som ligg langt unna og som blir brukte mindre, som seterhus og jaktbuer, står ofte ubrukt delar av året. Då kan skadar bli store før dei blir oppdaga.

Døme på vedlikehaldsoppgåver

Tak og takrenner

Nærbilete av ein takstein der ein bit har brekt av slik at ein ser treverket under. Foto.

Det er viktig at takdekket er heilt og utan skadar, slik at vatn ikkje kan trenge inn. Vidare må takrenner og nedløpsrøyr vere heile og opne.

Snømoking på tak

I område med mykje snø om vinteren må vi alltid vurdere om snøen må fjernast frå taka. Eit tjukt lag med snø veg mykje, særleg når det blir mildvêr og snøen blir våt.

Treverk

Brun trestokk som går delvis i oppløysing. Foto.

Dersom treverk blir utsett for fukt, rotnar det. Ròteskadar kan bli store og kostbare. Ein viktig del av vedlikehaldsarbeidet er derfor å sjekke at det ikkje er lekkasjar i røyr, kraner, vasslangar og avløp. Vi må òg sørge for at vatn i røyr ikkje frys om vinteren.

Treverk som blir utsett for vêr og vind, må vernast med måling eller andre belegg som hindrar fukt. Trehus må jamleg målast etter kvart som det oppstår slitasje.

Open ventil i ein kvit panelvegg innandørs. Foto.

Lufting og ventilasjon

Lufting er viktig for å unngå kondens og fukt i hus. Ventilar kan formast ut på mange ulike måtar. Dersom det blir danna mykje fukt i ein bygning, kan vi betre ventilasjonen ved hjelp av vifter.

I rom og bygg utan oppvarming der det òg går vassleidningar, kan det vere nødvendig å stenge ventilar om vinteren for å hindre at vatn frys.

Vaksen kvinne som opnar eit sikringsskap. Foto.

Elektriske anlegg

Støv og manglande reingjering av elektriske komponentar er ofte brannårsak. Vanlege feil er:

  • manglande deksel

  • opne dører til sikringsskap

  • støvete motorar i ventilasjonsanlegg

  • feilplasserte varmelamper

  • skadde skøyteleidningar

Som eigar eller brukar er du ansvarleg for å halde regelmessig tilsyn, kontrollere at alt elektrisk utstyr er i orden og å skaffe fagfolk til å utbetre feil og manglar.

Kravet om regelmessig tilsyn av elektriske anlegg og brannvarslingsanlegg gir deg som eigar plikt til å sørge for at det blir gjennomført.

Våren og sommaren

Når våren og varmen melder seg, må vi gjere alt klart for ein ny produksjonssesong. Det er viktig å få reparert småskadar med ein gong:

  • fjerne stengsel frå vinteren
  • opne vasskraner
  • lufte ut
  • sjå etter skadar på takstein og takrenner og reparere dei
  • sjekke for andre skadar etter snø og vinterstormar

Større reparasjonar og arbeid må planleggast:

  • målingsarbeid
  • større utskiftingar
  • andre typar utvendig vedlikehald

Utvendige arbeidsoppgåver er ofte vêravhengige, og aktiviteten må tilpassast det. Når det er snakk om større arbeid, treng vi kanskje å leige inn fagarbeidarar for å få utført dei.

Hausten

Hausten er tida for å gjere hus klare til vinteren:

  • Tak og vindauge må sikrast før vinterstormane.
  • Takrenner må reingjerast.
  • Nedløpsrøyd må vere opne for å ta unna store nedbørsmengder.
  • Vasskraner må tømmast og bli stengde i kjellarar og uisolerte hus.
  • Ventilar må stengast for å hindre at kald luft og uønskte smådyr kjem inn.

Vinteren

Vinteren kjem med snø, noko som kan skade bygningar:

  • Snø må fjernast frå tak på hus og hytter. Å moke av taket kan hindre overbelasting og skadar.
  • Ettersyn og eventuelt tining av frosne vassrøyr og kraner er nødvendig for å unngå vasskadar til våren.

Reparasjonar og vedlikehaldsarbeid innandørs blir ofte lagde til sein haust og vinter. Då er det færre arbeidsoppgåver utandørs.

Måling av hus

Ein stige står lent mot ein raud vegg som er halvvegs måla på nytt. Foto.

Målingsarbeid er gjerne noko du kan gjere sjølv. Du må førebu arbeidet grundig:

  • Dersom veggen er behandla frå før, må du ta omsyn til kva måling som har vore brukt.
  • Kanskje veggen bør vaskast?
  • Gammal måling må skrapast bort og ròteskadar bli utbetra før du kan starte målinga.
  • Nytt trevirke må vere heilt tørt før du målar.
  • Målingsarbeid er ofte knytt til arbeid i høgda. Til enkle oppgåver kan ein god stige vere nok, men ved større arbeid i høgda bør du setje opp eit stillas.
  • Brukar du innleigd arbeidskraft til målingsarbeidet, må du setje deg inn i forskrifter for bruk av stillas og for arbeid i høgda.

Tenk gjennom

Har du vore med på å gjennomføre vedlikehald? Kva slags oppgåver jobba du med?

Oppgåve

Sjå over ein bygning. Sjekk punkta som er nemnde i artikkelen. Er det noko behov for vedlikehald på bygningen? Er dette arbeidet de kan gjere sjølv, eller er det arbeid som må setjast bort til bygningskyndige?

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Bygningar og anlegg