Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kriminalitet og tiltak

Oppgåva kan fungere som repetisjon av fagstoffet om kriminalitet, men du må også finne kjelder på eige hand for å svare på nokre av spørsmåla.
Vise fingeren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Gjer greie for dei ulike typane lovbrot.
  2. Kva kan vere årsakene til at nokre typar kriminalitet har store mørketal?
  3. Kva meiner vi med at straff både er eit individualpreventivt og eit samfunnsmessig tiltak?
  4. a) Finn døme på handlingar som blei rekna som kriminelle før, men som ikkje blir det i dag. Og omvendt – kriminelle i dag, men ikkje før.
    b) Sjå på eit av dei konkrete døma du har funne. Kva kan vere årsak til endringa?
  5. Gå inn på sida «Ofte anmeldte lovbrudd, 2014» hos SSB. Kva kan vere grunnane til at ungdom er sterkt overrepresenterte når det gjeld både å utføre og å bli ramma av vald?
CC BY-SARettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.09.2017

Læringsressursar

Kriminalitet