Hopp til innhald

Fagstoff

Brukaren og navigasjon

I ei lineær forteljing har produsenten på førehand laga ein sti som du må følgje. I ei multilineær forteljing på nett kan du sjølv velje kva retning du vil halde fram i når du kjem til eit navigasjonspunkt eller "vegkryss".
Åtte ulike ikon som kan brukast til interaktivitet. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les du bok eller teikneserie, er stien gått på førehand, du beveger blikket frå øvst til venstre mot nedst til høgre, før du jamleg blar vidare til neste side. Og når du ser på film eller TV-seriar, lener du deg godt bakover og tek inn filmen i den flyten han kjem.

Brukaren i brukargrensesnittet

Navigasjonen til brukaren står i sentrum når verkemiddel og forteljeteknikkar blir planlagde og brukte i digitale medium. Når du bruker ei nettside, er du ein aktiv brukar, anten du har eit klart eller mindre klart mål for aktivitetane dine. Vala dine vil likevel vere avhengige av korleis nettstaden er bygd opp og fungerer, anten det dreier seg om søkefunksjon, strukturering av innhald eller visuelt design.

Her har du eit døme. Forteljinga er designa for at du skal kunne følgje din eigen veg gjennom ho. Vala dine har alt å seie for korleis forteljinga utviklar seg. Som eit digitalt medium er internett designa slik at brukarane vel vegane sine gjennom nettstader og sider.

Brukargrensesnitt er skjermflata og måten skjermen legg til rette for kommunikasjon med operativsystemet og program på. Skjermflata er grensesnittet der brukaren styrer teknologien. Køyrer du bil, er ratt, girspak, bremsepedal og kløtsj "grensesnittet" ditt mot motor og hjul, altså mot teknologien. Det er viktig at brukargrensesnittet fungerer godt mot teknologien, elles fungerer ikkje teknologien. Brukaren må på den eine sida forstå korleis grensesnittet verkar, og på den andre sida må grensesnittet fungere slik at brukaren forstår det.

Brukaråtferd, brukaroppleving og navigasjon

Når du bruker ein nettstad, er det viktig at du veit kor på nettstaden du er, og at moglegheitene for kor du kan gå vidare, ikkje er til å misforstå. Digitale medium er i stadig utvikling, og å fokusere på brukaråtferd og brukaroppleving er ein metode for å sikre at brukargrensesnitt og teknologi fungerer som dei skal.

Brukaråtferd handlar om kva brukaren faktisk gjer, mens brukaroppleving er kva brukaren føler. Brukaren kan bli frustrert og sint eller glad og tilfreds av å bruke ein nettstad eller ein app. Sjølv om brukaropplevinga er positiv, er det ikkje nødvendigvis slik at brukaråtferda er den ønskt åtferda. Då må du inn og endre navigasjonen. Navigasjon er noko handfast. Det er lenkjer, knappar, skrolling (vertikalt/horisontalt), funksjonen på knappane på ein handkontroll og så vidare.

Typisk for brukargrensesnitt i ei framstilling på nett er bruk av hypertekst. I ein hypertekst blir ulike nettsider eller dokument kopla saman ved hjelp av hyperlenkjer. Lenkjer kan vere tekstbaserte eller visuelle. Dei kan peike til andre sider på nettstaden, eller dei kan peike ut av ein nettstad. Om lenkja er intern eller ekstern, skal kome tydeleg fram av nettdesignet.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett