Fagstoff

Mengd klorofyll a – eit uttrykk for biomasse

Publisert: 12.10.2016, Oppdatert: 05.06.2018
Mikroskopbilde av planteplankton. Foto.   Klorofyll a er det sentrale pigmentmolekylet. Her blir energien frå fotosyntesen i planteplanktonet lagra. Måling av klorofyll a i vassmassane kan seie noko om mengda planteplankton. Det er store variasjonar gjennom året.

 

Kurver som viser lysabsorpsjon i klorofyll. Figur.Klorofyll a og b. Kurvene syner lysabsorpsjon ved ulike bølgjelengder. 

Primærprodusentane i havet

Planteplankton er hovudprimærprodusentane i havet og grunnlaget for det aller meste av livet der. Dei er frittsvevande mikroskopiske algar som kan fange opp solenergi ved hjelp av pigmentet klorofyll a. Gjennom fotosyntesen kan dei gjere uorganiske sambindingar (vatn, CO2 og næringssaltar) om til organiske sambindingar. Dette er næringsgrunnlaget for alle dyr i havet, frå bakteriar til kval. Berre kjemoautotrofe bakteriar i varme kjelder på havbotnen og denitrifiserande bakteriar lever uavhengig av fotosyntesen.

Alle planteplanktonartar som utfører fotosyntese, har pigment som fangar lys med ulike bølgjelengder og overfører energien til klorofyll a som er det sentrale pigmentmolekylet.

Måling av mengd klorofyll a

Ved å måle mengda klorofyll a som finst i vassmassane, får vi eit grovt bilete av mengda planteplankton. Men det seier ikkje nødvendigvis noko om produksjon av planteplankton eller om fotosynteseaktiviteten, sidan klorofyll som er i ferd med å synke ned, det vil seie daudt plankton, også blir målt.

Planteplanktonveksten er knytt til ei rekkje forhold som temperatur, saltinnhald og næringstilgang. Auka tilførsel av næringssaltar vil kunne bidra til vekst i planteplanktonmenga.

Klorofyll a blir målt med sondar i vatnet, eller ekstrahert frå filtrerte partiklar, slik denne videoen syner.

Klorofyll i havet 

Store variasjonar

Det er store variasjonar i planteplanktonmengdene både i tid og rom. Tidspunktet for våroppblomstringa av planteplankton varierer, og mengda planteplankton varierer både gjennom året og frå år til år. Tidleg i vekstsesongen er planteplanktonveksten normalt mykje større enn det som går tapt gjennom beiting frå dyreplankton.

Plansje som viser sammenheng mellom mengden næring, lys og planktonproduksjon. Om vinteren er mengda planteplankton i Norskehavet ekstremt låg med ein klorofyllverdi som oftast er under 0,05 mg/m3. I løpet av våren og tidleg på sommaren aukar mengda. Denne auka, som vi kallar våroppblomstringa, er viktig for all produksjon i havområdet. Oppblomstringa kjem først i gang i kystvatnet, og opp til 5–6 veker seinare i opne havområde med atlantiske vassmassar.

Planktonmengda går ned etter våroppblomstringa og blir lågare og meir stabil gjennom sommaren. Sommaren varer ofte lenger i dei kystnære farvatna, og her er den gjennomsnittlege planktonmengda lågare enn i opne havområde.

Om hausten kan det bli ei ny oppblomstring, men denne oppblomstringa skjer ikkje kvart år og kan variere mykje. Etter haustoppblomstringa blir det stadig mindre planktonmengder fram mot vinteren. Mengdene blir meir reduserte langsammare i kystnære og sørlege delar av Norskehavet enn i dei nordlege delane og i opne havområde.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Praktisk stoff