Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er ein idé?

Opp gjennom tidene har gode idéar løyst mange praktiske kvardagsproblem, og det har gitt oss nye blikk på verda. Ein idé kan vere så mykje. Kulepennen starta som ein idé, det same gjorde tanken om at jorda er rund.
Hand som teiknar ei lyspære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eigentleg ein idé?

  1. Bruk 10 minutt aleine eller saman med ein klassekamerat og finn på ein eller fleire idéar.
  2. Presenter idéen for klassen i form av ein kort pitch (maks 1 minutt).
  3. Sjå så filmen til Stig og Stein idélaboratorium på Vimeo og diskuter i klassen om dei tankane som vart presenterte, faktisk kan kallast idéar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Drive ungdomsbedrift