Oppgåve

Debatt om soling

Publisert: 09.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Debattoppgåver i samband med soling og helseråd frå myndigheitene.

Solarium. Foto.Solarium.
Opphavsmann: Conscious
 

 


 

Sola. Foto.Sola. 

 


 

 

Tran som hellast over i ei skje. Foto.Tran.
Opphavsmann: Kristin Bøhle
 

 

 

Diskuter i klassen

Er soling populært blant 16-åringer?
Kvifor? / Kvifor ikkje?
Er du villig til å risikere solskadar for å bli brun?

Er du opptatt av dette når du soler deg?

  • ønske om å bli brun.
  • D-vitaminproduksjon for betre helse.
  • fare for å bli solbrent.
  • økt fare for skrukkete hud eller hudkreft om mange år.

 

Debatt om anbefalt tid til soling

Professor i biofysikk, Johan Moan, meiner at mange vil ha positiv helseeffekt av å sole seg meir, slik at dei får produsert ei større mengd D-vitamin, men helsemyndigheitene er svært skeptiske til at folk bør få meir sol. Talet på nye tilfeller av føflekkreft er i dag sju gonger større enn for femti år sida. Samtidig forskast det på mange positive helseeffektar av soling. 1

"Om nordmenn solar seg dobbelt så mykje, ville vi kanskje fått dobbelt så mange, altså 250 fleire, dødsfall som følgje av føflekkreft. Men samstundes ville vi truleg spare 3000 liv i året som nå går tapt av indre kreftformer." 2

  • Kva for råd lyttar du til?
  • Bør helsemyndigheitene tilrå meir soling?
  • Kva ville du gjort dersom du hadde ansvar for å gå ut med råd i denne samanhengen?

Debatt om ekstra D-vitaminer i maten

Nasjonalt råd for ernæring følgjer nøye med på all forsking som føregår, og har foreslått fleire tiltak for at befolkninga skal få i seg nok d-vitamin.
Eit av forslaga er å tilsette ekstra D-vitamin i all mjølk, i enkelte matoljer og i margarin. Dei vurderer fortløpande om den anbefalte mengda D-vitamin til folk flest bør auke.
Sia D-vitamin er eit feittløyseleg vitamin, lagrast det i kroppen.
Dei som har for høgt nivå av kalsium eller fosfat i blodet, bør ikkje ta tilskott av vitamin D. Overdose over lengre tid kan gi skader. D-vitamin

  • Vil du anbefale at det kunstig tilsettes vitaminer til matvarer på et nivå som dei fleste har godt av, men nokre ikkje tåler?
  • Kva bør myndigheita gjere i denne samanhengen?