Hopp til innhald

Spelefilm

Suck me Shakespeer (Fack ju Göhte)

Zeki Müller, en småkriminell fyr, blir tilsett som lærarvikar ved Goethe vidaregåande skule. Grunnen til dette er ikkje eit plutseleg kall til læraryrket, men at pengane frå det førre ranet hans ligg gravne ned under gymsalen.

Handling

Zeki Müller slepp ut av fengsel. Han har sona ei straff på 13 månader etter eit ran. Kjærasten hans har teke vare på byttet frå ranet mens han har sete inne. No vil han gjerne ha tak i pengane.

Det viser seg at ho har gøymt pengane på ein byggjeplass ved Goethe vidaregåande skule. Mens Zeki har vore i fengsel, har det blitt bygd ein gymsal over staden der pengane ligg gravne ned. Müller er i knipe: Han skuldar pengar til ein kriminell og er avhengig av å få tak i pengane.

Han bestemmer seg for å søkje jobb som vaktmeister ved skulen. Så blir han tilfeldigvis tilsett som lærarvikar. Skulen har store disiplinære utfordringar, særleg i klasse 10B, som dagleg driv lærarane til vanvit. Klarer Müller å få tak i pengane? Og klarer han å hanskast med utagerande elevar og plagsame kollegaer?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson . Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Identitet