Fagstoff

Helseeffektar av soling

Publisert: 05.07.2010, Oppdatert: 05.01.2018
Simulering av UV.

Soling kan vere både helsebringande og skadeleg. Somme kan med fordel få meir sol på kroppen, medan andre bør avgrense solinga. Kunnskap om moglege positive og negative effektar av soling kan hjelpe oss til betre helse.

Jente sit med ryggen til på ei strand. Foto.Lys hud i sterk sol.  

 

 

Solbrent mann. Foto.Solbrend mann.  

 

 

Solbrent skulder. Foto.Andre grads forbrenning med blemmer.  

 

 

Øyet og hvor dypt UV-strålingen når. Illustrasjon.Oppbygginga av auget. Sjå markering av kor djupt UVA, B og C når inn i auget.  

 

 

DNA som blir treft av UV-stråling.UVB-stråling kan gi DNA-mutasjonar i hudceller.  

 

 

Lenke til simulering.Verknad av solkrem blir vurdert saman med usikkerheit og feilkjelder.   

 

 

Rød føflekk. Foto.Føflekk.  

Positive effektar av soling

Danninga av D-vitamin er den mest veldokumenterte positive effekten av UV-stråling. I vintermånadene får vi ikkje nok naturleg UVB-stråling i Noreg til å dekkje behovet for vitamin D. Vinterstid må ein derfor dekkje D-vitaminbehovet gjennom kosthaldet og eventuelt med kunstig sol. D-vitamin verkar mellom anna inn på kalsiumopptak og førebygging av ei rekkje sjukdommar − òg visse kreftformer.

Velvere: Mange personar føler òg at dei trivst betre og blir meir opplagde når det er sol. Dette heng for ein stor del saman med den varmen vi føler, og den stimulerande verknaden av sollyset som vi får gjennom auga. Hormon og hjerne blir påverka av dei solstrålane som når netthinna i auga.

Dei som har revmatisme, psoriasis og andre autoimmune sjukdommar, vil ofte føle ei forbetring ved soling. Dette kan komme av at D-vitamin undertrykkjer immunforsvaret.

Bilde av arm med gradert brunfarge. Foto.Bruning av hud.  

Mange hudlidingar kan bli betre av sol, for eksempel psoriasis og somme former for eksem, men òg her gjeld måtehald.

Brunfargen som mange ønskjer seg og oppfattar som teikn på sunn livsstil, er eigentleg ein vernemekanisme mot skadar som hudcellene får frå UV-B, altså dei korte ultrafiolette strålane.1

Forsking om soling og D-vitamin

Negative effektar av soling

Akutte effektar

Solforbrenning er den vanlegaste akutte effekten av UV-stråling på hud. Førstegrads solforbrenning er ein betennelsesaktig reaksjon i huda. Raud hud, hevelse og svie blir gradvis borte i løpet av nokre dagar. Dersom ein held fram med å sole seg, kan det bli både blemmer og sår (andregrads og tredjegrads solforbrenning).

Soleksem liknar ein allergisk reaksjon, men det er uvisst kva som utløyser han. Somme menneske får soleksem ein sjeldan gong, medan andre får det ofte. For å unngå denne reaksjonen må ein halde seg unna soling. Somme opplever at dei toler moderat soling når dei ventar til reaksjonen har gitt seg.

Immunsystemet kan bli svekt av mykje UV-stråling. Dette gjeld immunresponsar mot svulstar i huda og nokre typar infeksjonar. UV-stråling kan òg aktivere virus som herpes simpleks (munnsår) og HIV.

Auget er det organet der UV-stråling (og synleg lys) trengjer lengst inn. Linsa hos barn slepp inn meir stråling enn hos vaksne og har derfor større behov for vern. Når refleksjonen frå bakken er stor, som ved nysnø, kan det oppstå akutte skadar i auget. UVC- og delvis UVB-stråling blir absorbert i hornhinna. Det kan føre til skade i hornhinna og gi akutte effektar som hornhinne- og bindehinnebetennelse. Snøblindskap er ein slik betennelse, og han kan vere svært smertefull.

Somme medisinar kan gjere huda meir ømfintleg for sol. les meir

Dette gjeld mellom anna enkelte typar blodtrykksmedisinar, p-piller, antibiotika, vassdrivande middel, kortison, diabetesmedisinar, malariamedisinar og antidepressiva. Lege eller apotek bør kontaktast for råd om soling ved bruk av slike medikament. skjul


Langtids helseeffekt

Bilde av eldre dame. Foto.Skrukker.  

Raskare elding av huda er ikkje farleg, men gir rynker som ikkje kan reparerast. UV-strålinga skader dei elastiske fibrane i huda, blodkar utvidar seg, underhuda blir tjukkare, og huda ser rynkete og gammal ut.

Augelinsa kan skadast eller endre seg over tid på grunn av soling. Dette kan føre til at linsa blir dunkel, og til utvikling av grå stær.

Kosmetikk (spesielt parfyme, etterbarberingsvatn e.l.) kan gi varige skjoldar i huda, dersom han blir brukt under soling.

Hudkreft er den alvorlegaste langtidseffekten av UV-stråling. Det er fleire typar hudkreft som varierer når det gjeld kor lett han spreier seg, og kor raskt han utviklar seg.

Føflekkreft er den farlegaste av alle typar hudkreft. Dersom han ikkje blir behandla i tide, kan kreften spreie seg i kroppen. Talet på nye tilfelle av føflekkreft er i dag sju gonger større enn for femti år sidan.

Føflekkreft (malignt melanom) blir utvikla frå dei pigmentdannande cellene i huda. Det er den nest hyppigaste kreftforma blant kvinner i aldersgruppa 15–54 år og hos menn 30–54 år. Kvinner har høgare førekomst enn menn. Dei vanlegaste symptoma er føflekkar som endrar farge, aukar i storleik, klør eller eventuelt blør lett. Overdriven soling utgjer ein hovudrisiko for føflekkreft. Vel 10 prosent av tilfella er registrerte med spreiing på diagnosetidspunktet. Av desse er det flest menn.2