Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Framstilling av kulturforskjellar i media

Måten media framstiller konfliktar mellom ulike kulturar på, er med på å forme forventingane vi har til personar som høyrer til minoritetsgrupper i det norske samfunnet.
Motiv fra filmen skylappjenta. Foto.

Oppgåve 1

Karakterane i filmen Skylappjenta framstiller personar som høyrer til bestemte kulturar på ein karikert og stereotyp måte.

  1. Kva er ein karikatur? Søk etter definisjonen i Store norske leksikon.
  2. Kva er ein stereotypi? Søk etter definisjonen i Store norske leksikon.
  3. Kva for eigenskapar blir desse karakterane tillagde, slik dei blir framstilte i filmen:
    • mora
    • bestemora
    • taxisjåføren
    • nordmannen
  4. Kva for filmatiske verkemiddel blir brukte for å framheve desse eigenskapane?

Oppgåve 2

Gå inn på søkjemotoren Google og skriv inn søkjeorda «typisk» og «norsk». Avgrens søket til å gjelde berre bilete. Studer dei 50 første bileta du får opp.

  1. Kva fortel dette søket deg om dei tankane nordmenn tradisjonelt har om det å vere norsk?
  2. Kva for nokre av desse bileta synest du gir ei rett framstilling av deg sjølv som norsk?

Oppgåve 3

I masteroppgåva Oss og de – eller vi (NTNU 2013) presenter Siri Aagedel eit sett med motsetnader som ofte blir brukte i måten etnisk norske personar og personar med minoritetsbakgrunn blir omtalte på:


  • gode – dårlege
  • arbeidande – trygda
  • kvinnekontrollerande – kvinner som har kontroll
  • kriminelle – fredelege
  • oss (norske) – dei (innvandrarar)
  1. Stemmer dette med måten karakterane i filmen Skylappjenta er framstilte på? Kvifor eller kvifor ikkje? Grunngi svaret.
  2. Gå saman i grupper på tre. Vel ut ei ny medieforteljing der både etniske nordmenn og nordmenn med ein annan kulturell bakgrunn er representerte. Det kan vere ein nyheitsartikkel, eit nyheitsinnslag på radio eller TV, eit debattprogram, ein spelefilm eller ein TV-serie. Analyser korleis personane blir framstilte. Stemmer funna de gjer, med det Siri Aagedal har funne ut?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2018

Læringsressursar

Representasjon i media