Hopp til innhald

Fagstoff

Historia bak den europeiske integrasjonen

Den europeiske integrasjonen har til i dag skjedd gjennom eit tettare politisk og økonomisk samarbeid og ein sterk auke i talet på medlemsland. Det starta med Kol og stål-unionen i 1952, før Romatraktaten i 1957 la grunnlaget for det vi i dag kjenner som EU.
Ei lita gruppe menn i dress står saman bak nokre stoler. I forkant er det ein mikrofon. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Schumanplanen

Marshallhjelpa (1948) skapte behovet for eit tettare liberalisert økonomisk samarbeid i Vest-Europa. Den franske utanriksministeren Robert Schuman lanserte i 1950 ei løysing på den fransk-tyske rivaliseringa om dei jern- og kolrike grenseområda Alsace-Lorraine og Ruhr-området. Gjennom Schumanplanen skulle Frankrike og Tyskland tvingast til samarbeid ved at ei felles overstatleg makt skulle kontrollere kol- og stålproduksjonen i området. Andre europeiske land skulle inviterast til dette samarbeidet. Schumanplanen vart sett i verk i 1953, med Vest-Tyskland, Frankrike, Italia og Belgia, Nederland og Luxembourg som medlemmer.

Med kol- og stålunionen vart den første spira til europeisk integrasjon sådd. For første gong i historia vart ei samanslutning oppretta, der dei gamle nasjonalstatane frivillig gav avkall på sin rett til å råde over eigen økonomi, mot å få innverknad på økonomien til nabostatane.

Utviding i djupna

To menn i dress og slips sit ved eit bord. Den eine mannen har ein bunke papir framfor seg og tek tak i ein penn. I bakgrunnen er det mange menn. Fleire er tydeleg i godt humør. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Våren 1957 utvida dei seks medlemslanda samarbeidet. 25. mars vart to nye traktatar underteikna i Roma, og to nye fellesskap såg dagens lys: Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC) og Det europeiske atomenergifellesskapet.

EEC-samarbeidet vart konkretisert gjennom Romatraktaten i 1957. Målet for traktaten var å innføre felles ytre tollgrenser, felles arbeidsmarknad, fri kapitalrørsle mellom landa og felles utvikling av kjernekrafta. Utover i 60-åra vart EEC-landa også samde om ein felles landbrukspolitikk.

Etter at Romatraktaten (1958) vart vedteken, vart det oppretta fleire overnasjonale styringsorgan, som Ministerrådet, Europakommisjonen, Europaparlamentet og EF-domstolen. Frå 1967 vart dei ulike samarbeidsorgana slegne saman til Det Europeiske Fellesskap med eit felles råd og kommisjon. Året etter vart fellesskapet ytterlegare styrkt. Då oppheva landa toll på all handel seg imellom.

Dei fire fridomane (den indre marknaden)

Fri rørsle av:

  • Varer
  • Tenester
  • Kapital
  • Arbeidskraft (personar)

Det Europeiske Fellesskap (EF)

Frankrike ønskte gjennom den europeiske integrasjonen å vere det leiande landet i Europa. Den mektige franske presidenten Charles de Gaulle (1890–1970) var av den grunn mot britisk medlemskap i det europeiske samarbeidet. Etter at De Gaulle gjekk av som fransk president i 1969, vart spørsmålet om utviding av det europeiske samarbeidet igjen aktualisert.

I 1973 vart Storbritannia, Irland og Danmark medlemmer av det europeiske samarbeidet. Hellas vart EF-medlem i 1981, deretter Portugal og Spania i 1986.

Etter at Berlinmuren fall i 1989, vart spørsmålet om ytterlegare utviding aktuelt.

Nye EU-medlemmer

1990: Aust-Tyskland

1995: Finland, Sverige, Austerrike

2004: Malta, Kypros, Slovenia, Ungarn, Slovakia, Tsjekkia, Polen, Litauen, Latvia og Estland

2007: Bulgaria og Romania

2013: Kroatia

Den Europeiske Union (EU)

Det blå EU-flagget med stjerner i ein sirkel foran ei rekke flagg i ein uklar bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1991 vart Maastricht-avtalen vedteken og den europeiske unionen (EU) etablert. I tillegg til opprettinga av den indre marknaden i EU, vart EU-landa samde om å føre ein meir samordna utanriks- og sikkerheitspolitikk enn tidlegare.

Økonomisk samordning

For å leggje til rette for fri flyt av varer, tenester, kapital og personar vart ein felles valuta EURO (2002) og ein felles sentralbank etablert i 1999. Dette forplikta medlemslanda til å samordne den økonomiske politikken sin for å oppnå låg inflasjon, låg rente, lågt underskot på statsbudsjettet, lita offentleg gjeld og stabile valutakursar.

På tvers av grenser

Opprettinga av den indre marknaden i EU skapte nye utfordringar. Derfor vart eit felles politikontor (Europol) oppretta for å motkjempe kriminalitet, illegal innvandring og terrorisme. Gjennom Schengen-avtalen vart grensekontrollen mellom medlemslanda oppheva. I tillegg har medlemslanda oppretta ein eigen militær styrke på 60 000 mann, som skal kunne brukast til humanitære oppgåver, og til fredsbevarande og fredsopprettande operasjonar.

Brexit

Sommaren 2016 heldt Storbritannia ei folkerøysting om framleis medlemskap i EU eller ikkje. Fleirtalet røysta for å melde seg ut av EU, og Storbritannia er dermed det første medlemslandet som har gått ut av EU.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Etterkrigstid og kald krig