Hopp til innhald

Fagstoff

Den kinesiske familien

I dag ser den kinesiske familien svært moderne ut, det vil seie han liknar mykje på mange vestlege familiar. Mann og kone og eitt eller to barn. Det er ikkje eit resultat av ei gradvis utvikling, men av ein bevisst og tidvis streng nasjonal familiepolitikk.
En familie tar selfie på Den himmelske freds plass i Beijing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidleg på 70-talet gjekk det opp for kinesiske styresmakter at politikken til folkerepublikken med å tru at fleire verksame hender berre ville føre til meir velstand, var ei udetonert befolkningsbombe. Derfor sette ein i gang tiltak for å avgrense befolkningsveksten, i første omgang ved å oppmode folk til å få færre barn og å vente med å lage barn. Men då det ikkje hjelpte, blei det i slutten av 1970-åra innført ein streng barneavgrensingspolitikk, som i dei fleste tilfella gjekk ut på at familiar berre fekk lov til å få eitt barn.

Dette var ganske revolusjonerande, ettersom det var stikk i strid med tradisjonelle kinesiske oppfatningar om korleis ein familie ideelt sett burde sjå ut. Rett nok hadde Kommunistpartiet sin politikk frå 50-åra ført til fundamentale endringar i den kinesiske familiestrukturen, først og fremst ved at ekteskap blei frivillige, og ikkje lenger arrangerte, noko som i stor grad styrkte kvinnene si stilling.

Ein ung mann i Kina står under ein plakat som viser ein familie med eitt barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonelle haldningar

Men tradisjonelle oppfatningar om korleis familien burde sjå ut, hang framleis att. Tradisjonelt sett har den kinesiske familien vore utprega patriarkalsk, det vil seie styrt av menn. Ei kone blei kalla «innemenneske» (nèirén 内人) som ikkje kunne gå ut utan følgje, og døtrer blei sett på som berre ei utgift, for dei blei gifta vekk til andre familiar, og i tillegg måtte ein betale medgift. Tilsvarande var søner alt. I det tradisjonelle bondesamfunnet var ung mannleg arbeidskraft svært verdifullt, og dessuten ein tryggleik for foreldra når dei blei eldre.

Slekta blei ført vidare gjennom mannleg avkom, og her må vi nemne nok eit kulturhistorisk særtrekk, nemleg forfedredyrking. Det inneber at ein viste respekt for forfedrene sine på ulike måtar, mellom anna gjennom å utføre faste ritual. Å kutte av slektslinja ved å ikkje få søner blei sett på som noko av det verste ein kunne gjere. Eit stygt skjellsord på kinesisk lyder slik: «Måtte du verken få søner eller sonesøner» (Jué zǐ jué sūn 绝子绝孙).

En kinesisk butikkeier med sin familie i Kina i 1860. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ideal og realitetar

Det tradisjonelle familieidealet var storfamilien, med fleire generasjonar under same tak. Tradisjonelle kinesiske gardsromanlegg (courtyards) illustrerer dette idealet. Her kunne det byggjast ut nye fløyer etter behov.

Men dette idealet var berre ein fjern draum for store delar av folket, særleg i urolege tider. Ein familie kunne bestå av mann og kone og barn, og knapt det. Ein gjorde gjerne store tilpassingar for å bli som ein «normal» familie, for eksempel ved å adoptere gutebarn for å sikre etterslekta.

Eit anna viktig trekk var at familiane var knytte saman i slekter og klanar, der ein både hadde visse rettar og plikter. Klanane var særleg sterke i Sør-Kina. Livsvilkåra var tøffare i Nord-Kina, og det prega både familiestrukturar og slektstilknytingar.

«Offer» for eigen suksess?

Den radikale politikken for familieplanlegging dei siste 35 åra har gjort at befolkningsveksten i Kina no er under kontroll. Og han har ført til interessante endringar i folk sine oppfatningar. No har ein for eksempel fått erfare at jentebarn ikkje berre er ei utgift, men også ein ressurs for foreldra i alderdomen (sidan ein berre fekk eitt barn). Mange unge karrierebevisste par i moderne urbane miljø vel til og med å ikkje få barn. Då er tradisjonane snudd heilt på hovudet.

Kina sin politikk for å avgrense befolkninga er blitt kalla ein «eittbarnspolitikk». I praksis har det vore ein 1 ½-barnspolitikk, for det har vore mange unntak frå eittbarnsregelen. Men politikken har vore så vellykka at han er i ferd med å tippe over til noko som kan bli eit like stort problem: ei raskt aldrande befolkning, og færre hender som kan arbeide for dei. Dette har kinesiske demografar (dei som driv med befolkningsstudiar) lenge åtvara mot, og dei siste åra har dei strenge reglane blitt mjuka opp.

Men mange lurer på om ein ikkje kunne ha oppnådd dei same resultata gjennom haldningsendring på grunn av økonomisk framgang, slik ein har sett i Sør-Korea og Japan, og utan dei kraftige metodane som har blitt tekne i bruk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 3: Familie