Fagstoff

Fakta: Viktige personar

Publisert: 03.08.2016, Oppdatert: 07.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

President Woodrow Wilson sittende ved sitt arbeidsbord, ca 1910. Foto. Woodrow Wilson 

Portrett av Georges Clemenceau, fransk statsminister 1917-1920. Foto. Georges Clemenceau 

 

Generalfeltmarskalk under første verdenskrig og senere president i Weimarrepublikken, Paul von Hindenburg. Foto. Paul von Hindenburg 

Woodrow Wilson

Woodrow Wilson var amerikansk president 1913-21. Han var ein idealist som ønskte verkeleg fred i Europa etter første verdenskrig, men fekk ikkje gehør for standpunkta sine. Wilson vart tildelt Nobels fredspris i 1919.

Georges Clemenceau

Fransk statsminister 1917 - 20. Clemenceau sto for den mest uforsonlege lina under fredsforhandlingane i Versailles, og prega den endelege teksten i fredstraktaten.

Lloyd George

Britisk statsminister 1916 - 21. Gjekk inn for å straffe Tyskland hardt i fredsoppgjeret, men var ikkje like uforsonleg som den franske statsministeren.

Paul von Hindenburg

Generalfeltmarskalk og øverstkommanderande for den tyske hæren under krigen. Skaffa seg heltestatus etter sigeren ved Tannenberg. Seinare tysk president i Weimarrepublikken.

Douglas Haig

Britisk feltmarskalk som leia dei britiske styrkane i Frankrike. Sto bak nokre av de blodigaste offensivane ved fronten.

Philippe Petain

Øverstkommenderande for dei franske styrkane dei to siste krigsåra. Han var svært populær i heimlandet, men fekk eit tragisk ettermæle da han i 1940 vart statsminister i den tyskdominerte Vichyregjeringa i Sør-Frankrike.

Relatert innhald

Generelt