Hopp til innhald

Fagstoff

FN og rettane til urfolk

ILO-konvensjon nr. 169 krev at eit land må ratifisere avtalen før landet er forplikta til å følgje han. FN vernar rettane til urfolk òg på andre måtar. FN-erklæringa om rettane til urfolk blei godkjend av Generalforsamlinga i FN hausten 2007.
Det samiske flagget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slike erklæringar er ikkje berre ikkje-bindande lovnader om tiltak, men snarare ei forplikting for medlemsstatane i FN til å arbeide i ei bestemt retning.

Erklæringa om rettane til urfolk inneheld mellom anna føresegner om at urfolk har rett til sjølvbestemming, føresegner om landrettar, vern mot assimilasjon og rasisme, religionsfridom og språklege rettar. Sjølv om så mange som 143 land røysta for erklæringa, var det ein del viktige land som røysta imot eller lét vere å røyste. Land med store urfolksgrupper, mellom anna Australia, Canada, New Zealand og USA, røysta imot erklæringa. Ingen av desse landa har heller ratifisert ILO-konvensjonen. Av dei punkta som var mest omstridde, var retten til sjølvbestemming, eigedomsrett og råderett over dei landområda urfolk tradisjonelt har hatt rådvelde over og har brukt. Representanten frå New Zealand sa at dei ikkje kunne støtte erklæringa på grunn av dette punktet. Ho forklarte at dette i praksis vil seie at urfolket har eigedomsrett til alt land i heile New Zealand. Det er eit argument som også Australia og USA bruker. Då saka var oppe i 2006, blei det uttalt at «dei overser realitetane i notida ... når dei slik krev godkjenning for retten til land som no rettmessig er eigd av andre borgarar». I ei felleserklæring uttalte USA, Australia og New Zealand òg at «inga regjering kan godta ein idé som skaper ulike klassar av statsborgarar».[1]

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2017

Læringsressursar

Mangfald og endring