Hopp til innhald

Fagstoff

Lydredigering

Det finst mange ulike program du kan bruke når du skal redigere lydopptaka dine. Uansett kva program du vel, er det viktig å organisere lydprosjektet på ein oversynleg måte, kjenne til dei viktigaste funksjonane, og kunne eksportere det endelege produktet i rett format.
Lydbølger og øret - hørsel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overfør lydopptaket til redigeringseininga

Når du er ferdig med å ta opp den lyden du ønskjer å bruke i produksjonen din, er tida kommen for å overføre lydfilene frå minnekortet i opptakaren til PC eller Mac. Bruk gjerne USB-kabel i staden for å flytte minnekortet inn i kortlesaren på maskinen. Minnekort og minnekortopninga har lett for å bli slitte i stykker. Minnekortet kan også lett bli borte for deg når du fjernar det frå lydopptakaren.

Organiser prosjektet

Eit lydprodukt består gjerne av fleire lydspor som er lagde oppå kvarandre og miksa saman. Det er smart å organisere prosjektet slik at du nyttar eit bestemt spor til ein type lydkjelde. For eksempel kan du nytte spor 1 til monolog, spor 2 til dialog, spor 3 til miljølydar, spor 4 til musikk og spor 5 til effektlydar. Slik byggjer du opp heile sekvensar.

To lydspor. Bearbeidd skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit redigeringsprogram kan du lagre prosjektet i eit eige filformat for lydprosjekt. Då kan du alltid gå tilbake og endre på dei ulike innstillingane i prosjektet utan å øydeleggje råmaterialet.

Rediger og juster

I redigeringsprosessen vel du kva delar av lydopptaka dine du vil nytte, og du gjer ein del justeringar ved hjelp av ulike funksjonar i redigeringsprogrammet.

  1. Fjern det som ikkje skal brukast i lydopptaket. Ta med det vesentlege. Fjern støy, for eksempel uønskt latter.
  2. Reduser eller auk styrken på lydopptaket slik at du får eit jamt lydnivå. Dette kan du gjere anten ved å teikne kurver for lydstyrken eller ved å leggje alt på eitt spor og heve eller senke nivået på dette sporet.
  3. Feid lyden inn og ut for å få mjuke overgangar mellom klipp. «Å feide» vil seie å auke eller senke lydstyrken frå vanleg lydnivå til lydlaus. Dette er ein funksjon som finst i alle redigeringsprogram.
  4. Legg til effektar som romklang eller liknande for å skape eit mest mogleg truverdig bilete av det rommiljøet du lydlegg. Alle redigeringsprogram har programutvidingar (plug-ins) som kan leggje til romklang, ekko eller andre effektar.
  5. Endre frekvensar ved hjelp av equalizer-funksjonen i programmet. Slik kan du ta bort susing og pipelydar (høge frekvensar), vindstøy, rumling og motordur (låge frekvensar).

Eksporter lyd

Når redigeringsprosessen er ferdig, er tida kommen for å eksportere det ferdige produktet som ei lydfil i stereoformat. Det finst mange ulike filformat for eksport av lyd. Nokre er det vi kallar for ikkje-komprimerte (WAV og AIFF). Andre filformat er komprimerte, som for eksempel MP3. Komprimerte filer er vesentleg mindre sidan ein del av materialet er teke vekk på ein intrikat måte. Men kvaliteten er då også litt redusert. Til skulebruk er MP3-filer normalt godt nok.

Liste der man kan velge mellom ulike filformater. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gjert Meling.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Auditive medium