Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjon til nytt personell på sokkelen

I denne videoen ser du korleis prosedyrar og reglar offshore er viktige for din eigen og andre sin tryggleik. Dette er så viktig at arbeidsgivaren din ønskjer du skal vite at dei har forventningar til deg og haldningane dine til tryggleik.

Prosedyrar og tryggingsreglar for nytt personell

Når du skal reise offshore for første gong, er det viktig å kjenne til dei viktigaste HMS-reglane, prosedyrane og alarmane som blir brukte på installasjonen. Du får ei personleg tryggingshandbok når du kjem til ein ny installasjon. Den fortel deg om reglane og prosedyrane som gjeld for den installasjonen du er på.

Personleg verneutstyr

Du skal alltid bruke kjeldress med refleks når du er utanfor bustadområdet. Du skal òg ha på hjelm, vernebriller og vernesko. Du skal bruke hanskar som vernar deg mot stålflis, kjemikaliar eller vassøl.

Organisering av arbeid

Installasjonane har eit sentralt kontrollrom der alt arbeid blir lagt inn i planar og blir sjekka mot kvarandre. Du eller arbeidsleiaren din må fylle ut arbeidsløyve (AT) for jobbar som skal utførast i område der det kan vere fare for deg sjølv eller andre.

Når arbeidet er ukjent, skal vi vurdere risiko i utføringa. Då følgjer vi ein sikker jobb-analyse (SJA) som tek oss gjennom arbeidet, trinn for trinn.

Fokusområde for tryggleik

Bransjen har særleg fokus på arbeidssituasjonar innan

  • kranløft
  • arbeid i høgde
  • fallande gjenstandar

Følg gjeldande prosedyrar, bruk tryggingsutstyr og respekter sperringar.

Den personlege tryggleiken din

Når du skal jobbe offshore, er du ein av mange som treng kvarandre for å trivast og ha ein trygg arbeidsplass. Derfor er det viktig å passe på og hjelpe kvarandre.

Du skal alltid varsle om du ser ei hending. Først skal du rope: "brann", "gass", "mann over bord" eller det som passar til situasjonen. Deretter skal du ringje nødnummer 112.

Du skal kjenne til alarmtypane som blir brukte om bord, som er

  • generell alarm: trygge arbeidsstaden, gå til mønstrings-stasjonen din, vent på instruks
  • førebu evakuering: gå til livbåten din, meld deg til livbåtførar og følg instruks

Måltid

Det blir laga tre hovudmålstider i løpet av døgnet. Då kan du velje mellom varm og kald mat. I tillegg er det kaffipausar med noko lett å ete innimellom måltida. Kantina har òg jus, mjølk, kaffi, te, frukt, yoghurt og andre matbitar som du kan hente innimellom måltida.

Velferd

Nokre installasjonar har kinosal om bord der filmar og store sportsarrangement blir viste. Det har òg vorte vanleg med TV på romma. Dei fleste installasjonane har òg trimrom og opphaldsrom med aviser, brettspel og kort. Du får tilgang til internett og PC.

Det er ei sjukestove der du får hjelp om du skader deg eller blir sjuk.

Å røyke er berre tillate i tilpassa rom som er skilta. Det er ikkje tillate å røykje utandørs.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

God tur offshore