Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis finne svar på det du lurer på?

I byrjinga var spørsmåla, kva, korleis, kvifor. Barn lærer å snakke i toårsalderen. Noko av det første dei gjer, er å stille spørsmål. Gjennom spørsmåla lærer barna om seg sjølve, familien og samfunnet rundt dei.
Samfunnsforskere og hyller med rapporter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi blir eldre, stiller vi andre spørsmål enn vi gjorde som barn, men grunnen er den same: Vi ser ting rundt oss som får oss til å undre. Kva skal eg bli når eg bli stor? Korleis verkar eigentleg rettssystemet i Noreg? Kvifor er det krig i nokre land og fred i andre?

Dette er spørsmål som samfunnsfaget tek opp. Men samfunnsfag er annleis enn mange andre skulefag av to grunnar: For det første er samfunnet heile tida i endring. Det vil seie at det som var eit rett svar i går, ikkje nødvendigvis er eit rett svar i dag. For det andre er svaret på spørsmålet du stiller, ofte avhengig av kven du spør. Ulike synsvinklar påverkar kva ein ser, og kva ein meiner er viktig. Det vil seie at det ofte ikkje finst eitt enkelt svar som er rett.

Ødeleggelser i Banda Aceh i Indonesia etter tsunamien i 2004. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Et homofilt par kysser mellom trærne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er det eg lurer på?

Når du skal formulere dine eigne spørsmål i samfunnsfag, er det viktig at du er bevisst på dette. Spør deg sjølv: Kva er det eg lurer på? Samfunnsfaglege spørsmål rettar seg gjerne mot det som er felles for menneske og omgivnadane deira. Her skal vi studere samfunnet, del for del, i stort og smått. Det vil ikkje seie at forfattarane ser verda slik du gjer. Kanskje legg dei vekt på heilt andre ting, og dei svarer kanskje ikkje på dei spørsmåla du synest er spennande. Derfor skal vi her sjå på korleis du kan arbeide for å finne gode svar på det du synest er gode spørsmål.

Ofte får vi ikkje formulert eit fiks ferdig spørsmål. Av og til har du berre eit tema som fascinerer deg. La oss ta eit døme: Historisk sett har gutar og jenter ofte valt ulik utdanning, både på vidaregåande og dersom dei vil ta høgre utdanning. Gutar har oftare teke yrkesfag og tekniske og naturvitskaplege utdanningar, til dømes ingeniørfag. Jenter har oftare valt helse- og sosialfag, og høgre utdanningar meir retta inn mot andre menneske – sjukepleiarutdanning, lærarutdanning eller språkfag. Her er det utruleg mange spørsmål ein kan stille! Er det framleis slik? Dersom svaret er ja – kvifor det? Dersom svaret er nei – kva har endra seg? Korleis tenkjer gutar og jenter når dei skal velje utdanning? Er dei opptekne av utdanninga i seg sjølv, jobben dei skal få etterpå, eller pengane dei skal tene?

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Samfunnsfaglege tenkjemåtar