Hopp til innhald

Fagstoff

Meiningar og kunnskap om samfunnet

Meiningar er ikkje det same som kunnskap om samfunnsforhold. Meiningar er subjektive oppfatningar. Samfunnsforskarar skaffar seg kunnskap gjennom systematiske studium og ved systematisk bruk av vitskaplege arbeidsmetodar. Det er eit ideal at samfunnsforskinga skal vere objektiv og sannferdig.
Fire ungdommer som sitter rundt et bord i skolegården og prater. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Det ligger et fjell i det indre av Newfoundland, det heter Halfway Mountain. Det rager opp i et nokså plant skogland og synes derfor kanskje høyere enn det er. Jeg har vært rundt det på jakttur, og da la jeg merke til hvordan et slikt fjell er blitt noe annet hver gang en har beveget seg bare et lite stykke. Du kan få tusen beskrivelser av Halfway Mountain, og alle er like riktige. Jeg kjenner en sterk trang til å si deg dette nu, at fjellet er stort, og det er mangesidet, men den som lå i lenker på jorden så bare Halfway Mountain fra det stedet der han lå.»
(Frå: En flyktning krysser sitt spor av Aksel Sandemose)

Meninger og kunnskap om samfunnet

Kvar einaste dag,og i nesten alle sosiale samanhengar, anten det er på fjernsynet, ved kafébordet eller i heimen, blir samfunnsforhold og samfunnsproblem diskuterte. Nesten alle menneske har meiningar om, og haldningar til, ulike samfunnsproblem og samfunnsforhold. Døme på slike diskusjonstema kan vere alt frå konfliktsituasjonar i andre land til skattespørsmål, innvandringspolitikk i Noreg, skulenedleggingar og mangel på fritidstilbod for ungdom.

Nokre av dei som diskuterer desse spørsmåla, har openbert større kunnskapar enn andre. Likevel er det ikkje nødvendigvis slik at kunnskapen styrer engasjementet og overtydinga. Meiningar og haldningar til samfunnsspørsmål og samfunnsforhold er ikkje nødvendigvis baserte på kunnskap om dei ulike sakene. Dei kan like gjerne vere baserte på fordomsfulle oppfatningar eller på ideologiske tankar om korleis forholda er eller bør vere.

Samfunnsforskarar skaffar seg kunnskap om samfunnet gjennom systematisk bruk av vitskaplege arbeidsmetodar. Dei prøver bevisst, og så langt det er mogleg, å vere objektive i arbeidet og ikkje la seg påverke av sine eigne oppfatningar og haldningar. Samfunnsvitskaplege forskingsarbeid blir publiserte i offentlege utgreiingar eller i interne rapportar i forskingsmiljøa.

Det er berre i sjeldne tilfelle at den kunnskapen samfunnsforskarane har om samfunnet, når direkte ut til «folk på gata». Vi som bur i Noreg, får det meste av kunnskapane våre om samfunnsforhold gjennom skulen, massemedium og diskusjonar på arbeidsplassen eller i heimen. Då er kunnskapen og informasjonen frå samfunnsforskarane blitt tolka og forklart gjennom fleire ulike «filter». Både fakta og refleksjonar kan ha blitt lagde til eller trekte frå. Somme samfunnsforhold, særleg lokale forhold, blir kanskje aldri systematisk studerte av ein samfunnsforskar. Oppfatningar om desse forholda blir derfor ofte danna gjennom folk sine eigne observasjonar, det vil seie gjennom observasjonar som nesten aldri er systematiske og objektive.

Dette gjer at det er vanskeleg å få eksakt kunnskap om samfunnsforhold. Dersom vi aldri prøver å sjå eit samfunnsspørsmål eller samfunnsforhold frå fleire sider, blir det som om vi ligg lenkja til jorda – vi ser saka frå berre éi side.

Tabellen viser eit utval forskingsprosjekt ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo våren 2016.

ForskningsprosjektOm prosjektet
Barn som vitneFormålet med prosjektets er tosidig. Det er viktig å få betre kunnskap om kva barn hugsar av traumatiske hendingar. Det er òg viktig å få undersøkt kva for intervjustrategiar som er verksame for å få fram desse minna, og kva for strategiar som er dysfunksjonelle og fører til feil.
Nettverk, kontroll og læring – betre handtering av komplekse samfunnsproblem I dette prosjektet blir merksemda særleg retta mot fysisk planlegging, busetjing av flyktningar og regional forsking og utvikling (FoU). Avgjerds-, implementerings- og læringsprosessar på desse områda er krevjande, for det første fordi problema er samansette, vanskelege å definere og utan eintydige løysingar. For det andre skaper eit sektorisert og desentralisert styringssystem utfordringar.
UNFAIR – Korleis kan vi redusere ulikskap i samfunnet?UNFAIR er eit samarbeidsprosjekt mellom FNs økonomiske kommisjon for Latin-Amerika (ECLAC) og Universitetet i Oslo. Bakgrunnen for prosjektet er den historiske nedgangen i inntektsforskjellar i Latin-Amerika og ECLACs nyaste forsking på faktorane som har ført til denne reduksjonen av ulikskap.
Forståing av kjensleuttrykk hos barn på tvers av kulturar Barns forståing av menneskelege følelsar er blitt studert dei siste 30 åra. Få prosjekt har imidlertid undersøkt kva slags betydning kultur har for forståing av følelsar. Betre kunnskap kan medverke til identifisering av vesentlige sosiale og kulturelle faktorar som påverkar barn si emosjonsforståing, og utvikle intervensjonsprogram for å fremje eislik forståing i skulen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Samfunnsfaglege tenkjemåtar