Hopp til innhald

Fagstoff

Filtypar og format

Når du jobbar med video, må du tenkje på både kva format og kvalitet dei bileta du tek opp, har, og kva format og filtype filmen skal lagrast i når redigeringa er fullført.

Quicktime, MP4 og AVI er døme på filtypar du kan velje mellom når du redigerer video. Tenk deg ein filtype som ein slags behaldar. Inni behaldaren er det eit format. H.264 er eit av dei aller vanlegaste filformata. Dette formatet kan mellom anna brukast for filmar som skal publiserast på YouTube.

Kodek kan ha noko å seie for filstorleiken og kvaliteten på videoen. Om du vil at ein video skal visast på Internett, er det lurt å bruke ein kodek som lagar små filstorleikar, slik at nedlastingstida blir lita. Kvaliteten kan bli litt dårlegare.

Det er mykje å setje seg inn i når det gjeld filtypar og kodek. Når du skal eksportere ein film, kan det vere lurt å bruke H.264-format og for eksempel filtypane MPEG4 eller Quicktime. Dersom videoredigeringsprogrammet ditt lèt deg velje mellom for eksempel 1080p (progressivt) eller 1080i (interlaced), vel du progressivt.

Biletformat (aspect ratio)

Biletformat er tilhøvet mellom lengda og breidda på eit bilete, uavhengig av oppløysing. 16:9 er per i dag det vanlegaste storleiksforholdet i privatmarknaden. Den gamle standarden for TV er 4:3-biletformat.

  • 4:3 – eldre TV
  • 16:9 – PC-skjermen, TV-en din og YouTube
  • 1.85:1 – biletformat for spelefilm (nesten 16:9)
  • 2.35:1 – scope (cinemascope)
Fire rektanglar som syner dimensjonen på ulike videoformat i høve til kvarandre.(4.3, 16:9, 2.35:1 og 1.85:1) Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppløysing

Oppløysing i digital film blir målt i tal på pikslar i høgda og breidda. (Ein piksel er ein farga firkant.) Per i dag er desse dei mest brukte:

  • 1280 x 720 – halv HD, kalla 720p
  • 1920 x 1080 – full HD, kalla 1080p
  • 2K (2048 x 1080) – bittelitt større enn full HD
  • 4K (4096 x 2160) – kinostandard

Biletfrekvens

Biletfrekvens blir målt i FPS, som er ei forkorting for «frames per second» («bilete per sekund»). Historisk er 24 fps den vanlegaste biletfrekvensen. Dette er standard for analog film, mens for digital film er det 25 fps som er standard i Europa.

Eksportering

Når du skal eksportere filmen din, lønner det seg å gjere dette til eit eigna format. Det kan vere lurt å eksportere anten ein quicktime (.mov) eller .mp4 (heiter H.264 i Adobe Premiere Pro). Er videomaterialet ditt filma i full HD, vel du innstillingane HD1080p25.

Eksportvideo i et videoredigeringsprogram. Skjermdump.
CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Verktøykasse IM