Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Set opp og eksporter ein video

I denne oppgåva skal du øve deg på å organisere filane i eit videoprosjekt, setje dei saman på tidslinja og eksportere ein ferdig video.
Vindauga i eit videoredigeringsprogram. Skjermdump.

Øvingsoppgåve

  1. Ta utgangspunkt i det redigeringsprogrammet du har tilgjengeleg. Importer videoklipp, lydar og bilete i prosjektet ditt, og organiser innhaldet i ulike mapper.
  2. Set innpunkt og utpunkt i kjeldevideovindauget, og dra klipp ned i tidslinja.
  3. Set saman ein kort, samanhengande video.

Hugs:

  • Det er ikkje berre god mappestruktur i sjølve redigeringsprogrammet som er viktig. Du må òg ha eit godt system på harddisken din slik at prosjektet ditt og alle filene du skal bruke i prosjektet, er lagra på same plassen, eller slik at du har god kontroll over kor dei er lagra.
  • Innstillingane på råmaterialet må passe til sekvensinnstillingane.

Eksporter videoen

Eksportvindauge i videoredigeringsprogram. Skjermdump.
  1. Vel format, oppløysing og biletfrekvens.

  2. Eksporter filmen i eit eigna filformat. Du kan velje quicktime (.mov) eller .mp4.

  3. No kan du prøve å spele av den filmen du eksporterte.

    Er det mogleg å spele han av på dei videoavspelarane du har tilgang til på datamaskinen din?
    Blei formatet slik du hadde tenkt deg?
    Er det nokre innstillingar du burde ha gjort annleis?

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Innføring i video og kamera