Hopp til innhald

Fagstoff

Lydopptak

Du kan gjere opptak av lyd på ein handhalden lydopptakar, på mobiltelefonen, i lydstudio, på eit videokamera eller ved hjelp av mikrofonen på PC-en din. Kvaliteten på lydopptaket er avgjerande. Sjølv ikkje dei beste lydredigeringsprogramma kan redde dårlege lydopptak.
Manus, mikrofon oglydopptaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handhalden opptakar

Lydopptaker med steriomikrofon. Foto.

Ein profesjonell lydopptakar har vanlegvis ein innebygd stereomikrofon, det vil seie to mikrofonar plasserte vinkelrett på kvarandre, ein for høgre og ein for venstre kanal, som gir eit opptak med litt ulik lydkarakter på dei to sidene. Dette kan du høyre tydeleg om du tek opp ein person som går forbi frå høgre til venstre.

Opptakaren har mulegheit for å justere lydstyrken på veg inn i opptakaren (gain), og dette er viktig for å få optimal lyd. Han har også minnekort for lagring av lydfilene, og han har volumjustering for hovudtelefonar, som du bør bruke under opptak for å høyre at du tek opp god lyd.

I eit intervju er det også mogleg å bruke ein handhalden mikrofon til intervjuaren og for eksempel ein mikrofonmygg på intervjuobjektet. Opptaket vi gjer, inneheld då to lydspor som kan miksast saman etterpå i eit lydredigeringsprogram.

Lydopptak på mobil

Moderne mobiltelefonar og nettbrett har ein opptaksfunksjon som gjer det mogleg å ta opp lyd. Det finst flere appar som passar til dette føremålet. Sjølv journalistar bruker av og til denne teknologien ved opptak av intervju og reportasjar i profesjonell samanheng.

Fordelen med mobiltelefonen som lydopptakar er at du alltid har han med deg. Men ulempen er at den innebygde mikrofonen kan ta opp lyd med for dårleg kvalitet. Kvaliteten aukar mykje dersom du har høve til å kople ein ekstern mikrofon til telefonen.

Redigeringsmoglegheitene på smarttelefonar kan også vere få. Om ikkje filformatet er kompatibelt med redigeringsprogrammet ditt, må du spele det over til programmet via ein opptakar eller eit lydkort. GarageBand for iPad har betre redigeringsverktøy og mange artige moglegheiter innan musikklaging.

Lydopptak på videokamera

Du har sikkert mange gonger irritert deg over at du ikkje får med deg alle replikkane i ein film eller ein TV-serie på grunn av dårleg lyd. Når du gjer opptak av ei scene eller eit intervju, må du sørgje for at lyden frå røystene blir så optimal som mogleg. Alle andre lydar kan du jo leggje på som eigne lydspor i etterkant.

God lyd er avhengig av at rett mengd lyd blir teken opp. Derfor må du stille inn lydnivå på kameraet i høve til kor høg eller låg opptakslyden er. Dersom lyden blir for høg, kan han bli overstyrt eller sprengd og høyrast forvrengd ut.

CC BY-SASkrive av Gjert Meling, Stein Pettersen-Ervik og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Auditive medium