Hopp til innhald

Fagstoff

Typar lyd

Vi tenkjer ikkje alltid over det, men vi omgir oss med lyd heile tida. Vi høyrer fuglar som syng i skogen, menneske som snakkar, ein låg dur frå kjøleskapet og musikk frå lydanlegget til naboen. I denne fagartikkelen skal du lære meir om ulike typar lyd.
Person med lydsirklar rundt øyret. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til den lyden som finst der vi bur og beveger oss, har vi den lyden som er laga og tilarbeidd til eit medieprodukt. Det kan vere musikk, røysta til ein nyheitsreportar på radio, eller lyden av ein film som rullar og går på fjernsynsskjermen. God lydkvalitet og bevisst bruk av lyd er heilt avgjerande for om eit medieprodukt blir bra eller dårleg.

Miljølyd

Miljølyd er den naturlege lyden som finst på ein bestemd stad. Nokre av desse lydane høyrer vi godt, andre er vi så vande til at vi ikkje tenkjer over at dei er der. Eksempel på miljølydar er summinga frå eit ventilasjonsanlegg, bølgjeskvulp, eller surret av røyster i kantina. Miljølyden er viktig for å få eit autentisk opptak.

Tenkjepause

Sit heilt stille i klasserommet i tre minutt og lytt til lydane rundt dykk.

Skriv ned stikkord for alle lydane de høyrer.

Effektlyd

Effektlyd er enkeltlydar av kort varigheit som blir tekne opp for å bli bruk som ein spesiell effekt i ein lydproduksjon. Slike lydar blir ofte forsterka, slik at vi høyrer dei ekstra tydeleg. Eksempel er skritt som nærmar seg, ei dør som blir lukka, ein kvist som blir knekt, ei klokke som tikkar, eller ein eksplosjon. Desse lydane er viktige når ein skal lydleggje film, eit høyrespel eller reklame.

Eksempel frå YouTube på ei elevøving basert berre på effektlydar.

Monolog og dialog

Monolog er tale frå ein person, for eksempel ein nyheitsopplesar på radio. Ei roleg og behageleg røyst aukar truverdet og interessa for det nyheitsopplesaren seier. Som i det verkelege livet er lyd avhengig av avstand. Når vi høyrer ei røyst langt borte, er det ikkje noko som vedkjem oss. Om røysta er veldig nær, blir det intimt. Dette nyttar mange programleiarar i radio seg av.

For å skape intimitet må mikrofonen plasserast nesten inntil munnen slik at røysta blir opplevd veldig nær og fyldig med mykje bass. Det blir kalla nærleikseffekten (proximity effect). Når du skal gjere slike opptak, må du passe på å ikkje puste rett inn i mikrofonen. Det følgjer også sterke luftstraumar med somme bokstavar, spesielt p og f. Vi bruker eit såkalla pop-filter og skumgummi på mikrofonen for å redusere effekten av dette.

Dialog er den lyden som oppstår når to eller fleire menneske snakkar saman. Det er viktig å få så god kvalitet som mogleg når ein gjer opptak av dialog, slik at alle kan høyre kva som blir sagt.

Musikk

Musikk blir ofte brukt i lydprodukt og primært for å skape stemning og kjensler. Ved større produksjonar blir musikken spesialskriven for heile filmen eller lydproduktet og dermed tilpassa alle dramatiske endringar og situasjonar ned til minste detalj.

I skulesamanheng må ein ofte nøye seg med musikk som ikkje er spesialskriven. Program som Apple sitt GarageBand har ofte mange loopar og lydfilar ein kan bruke til dette. I tillegg kan ein finne materiale med fri lisens på nettet.

CC BY-SASkrive av Gjert Meling og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Innføring i lyd