Hopp til innhald

Fagstoff

Lover og reglar i marknadsføring

Reklame- og marknadsføringsbransjen er regulert av lover og etiske retningslinjer som set grenser for kva det er lov å reklamere for, og korleis det skal gjerast. Her er ei kort innføring i marknadsføringslova, alkohollova, kringkastingslova og merking av reklame.
To dresskledde personar i ei sky av paragrafteikn og piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsføringslova og alkohollova

Marknadsføringslova har lovbestemmingar som gjeld all reklameverksemd i Noreg. Dei viktigaste forboda går ut på at det ikkje er lov å reklamere for alkohol, tobakk og reseptpliktige legemiddel. Våpen og modellar av våpen er det heller ikkje lov å reklamere for. Det er forbod mot reklame retta spesielt mot barn.

Marknadsføringslova forbyr

  • villeiande reklame – til dømes at det blir reklamert for sal sjølv om ei vare ikkje har nedsett pris
  • aggressiv reklame
  • kjønnsdiskriminerande reklame
  • skjult reklame

I tillegg står det i lova at du kan reservere deg mot telefonsal, uadressert reklame og spam. Om du likevel får slik reklame, er han ulovleg send.

Alkohollova seier

  • at all reklame for alkoholholdig drikk er forbode

Kringkastingslova

Kringkastingslova har bestemmingar for marknadsføring i norskbasert radio, TV og audiovisuelle bestillingstenester, som til dømes P4, VGTV og TV 2 SUMO. Lova set grenser for både kommersiell og ideologisk reklame, sponsing og produktplassering. På TV skal det til dømes ikkje reklamerast for livssyn eller politiske bodskapar.

Du har kanskje òg fått med deg at somme dagar i året er det forbode å sende reklame på fjernsyn? Det gjeld langfredag, første påskedag, første pinsedag og første juledag. Desse dagane blir det sendt gratis reklame på vegner av frivillige organisasjonar.

Du kan lese meir om kringkasting hos Medietilsynet.no.

Merking av reklame

Har det hendt at du har lese eit blogginnlegg og lurt på om innlegget eigentleg er reklame for eit produkt? Reklame skal alltid merkast dersom det er tvil om det kan oppfattast som redaksjonelt stoff. Ein del aviser tøyer desse grensene med det dei kallar "betalt redaksjonelt innhald". Det er òg her unge, ivrige og populære bloggarar ofte trår feil.

Det å skilje reklame frå redaksjonelt innhald er eit berande prinsipp i all form for regulering av reklame i media. Ver varsam-plakaten er ei samling av etiske normer som gjeld for journalistisk arbeid.

Her står det at det skal vere eit klart skilje mellom journalistikk og reklame. I ei avis eller eit mediehus er vanlegvis arbeidet med redaksjonelt innhald lagt til redaksjonen, mens marknadsavdelinga jobbar med sal og reklame.

Kringkastingslova § 3–2 seier at reklameinnslag i hovudsak skal sendast som blokker mellom programma. Og reklameinnslaga skal skiljast tydeleg ut frå innhaldet. Prinsippet finst òg i marknadsføringslova § 3: "Markedsføring skal utformes og presenteres slik at den tydelig framstår som markedsføring."

Kven passar på at lover og reglar blir følgde?

Kringkastingslova blir handheva av Medietilsynet, mens marknadsføringslova i hovudsak blir handheva av Forbrukartilsynet. Prinsipielle saker som ikkje blir løyste hos Forbrukartilsynet, går vidare til Marknadsrådet. Det vil seie at det er til desse kontora du kan rette klager dersom du opplever og oppdagar brot på lova.

Kjelder

Alkoholloven § 9. (1989). Reklameforbud i Lov om omsetning av alkoholholdig drikk (LOV-1992-12-04-127). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27#KAPITTEL_10

Kringkastingsloven. (1992). Lov om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester (LOV-1992-12-04-127). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-127?q=kringkastingsloven

Markedsføringsloven. (2009). Lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (LOV-2009-01-09-2). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-01-09-2?q=markedsf%C3%B8ringsloven

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2023

Læringsressursar

Regelverk og etisk refleksjon