Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Budsjettering for Lykkeliten UB

Du skal setje opp salsbudsjett, innkjøpsbudsjett, resultatbudsjett og likviditetsbudsjett for Lykkeliten UB.
Tre barn på bursdagsfeiring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forretningsideen til Lykkeliten UB lyder: «Vi i Lykkeliten UB ønskjer å planleggje og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå 4 til 10 år i Vindafjord kommune.»

Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på Lundeneset vidaregåande skole. Det overordna målet er å få 20 % i forteneste av salsinntekta.

Dei kjøper varer frå Kiwi og Europris i Ølensvåg og frå Storcash i Haugesund. UB-en er friteken for mva., arbeidsgivaravgift og skatt på grunn av låg omsetning og låg lønn. Timelønn i samband med bursdagsselskap som blir arrangerte etter skoletid, er kr 100.

Bruk malen til løysing av oppgåva.

Filer

Oppgåve 1

Du skal setje opp salsbudsjett, innkjøpsbudsjett, resultatbudsjett og likviditetsbudsjett for Lykkeliten UB for 4. kvartal, på bakgrunn av desse opplysningane:

  1. Salsmåla for 4. kvartal er eitt barneselskap per veke, men med ulikt tal på deltakarar. Dei går ut frå at inntektene blir: kr 8.000 for oktober, kr 12.000 for november og kr 10.000 for desember, utan mva. Bruttofortenesta er 75 %.
  2. Salet av barneselskap blir fakturert per 15 dagar, men det er som regel ein kunde kvar månad som vil betale kontant, så vi anslår kontantsalet til å utgjere 25 % (eitt av selskapa per månad).
  3. Varebehaldninga aukar med kr 1000 i oktober og med kr 500 i kvar av dei to siste månadene.
  4. Lykkeliten UB blei stifta i september og har per 1. oktober ikkje pådrege seg leverandørgjeld.
  5. Varene blir kjøpte inn på Storcash, med månadleg faktura som blir betalt per 14 dagar i månaden etter, i tillegg til at det blir gjort nokre kontantkjøp i Ølensvåg. Kredittkjøpa utgjer 80 %, og kontantkjøpa utgjer dermed 20 %.
  6. Lønnskostnadene er budsjetterte til kr 3.000 i oktober, kr 4.000 i november og kr 3.500 i desember, men blir utbetalte på bakgrunn av innleverte timelister i månaden etter. Ingen får lønn for september.
  7. Andre driftskostnader – til etableringsgebyr, marknadsføring og sal – er kr 400 per månad. Husleiga er kr 100 per gang, budsjettert til kr 400 per månad, og blir betalt per 30 dagar.
  8. UB-en vil investere i anleggsmiddel som dei vil bruke i alle barneselskapa dette skoleåret. Anleggsmidla blir kjøpte kontant for kr 1200 i oktober og avskrivne lineært over dei åtte månedane UB-en blir driven.
  9. Renteinntektene frå banken er låge på grunn av lite innskot (startkapital og forteneste), men er budsjetterte til kr 10 per månad.
  10. Startkapitalen for Lykkeliten UB var kr 5.000 kr, da dei hadde 50 selde eigardelar.

Oppgåve 2

Berekne fortenesta i prosent av salsinntekta per månad og samla. Når dei det overordna målet?

Oppgåve 3

  1. Kvifor set vi opp både salsbudsjett, innbetalingsbudsjett, innkjøps-/varekjøpsbudsjett, utbetalingsbudsjett, likviditetsbudsjett og resultatbudsjett?
  2. Forklar forskjellen/samanhengen mellom dei ulike budsjetta.

Vedlagt løysingforslag til oppgåvane.

Filer

CC BY-SASkrive av Dagfinn Våge .
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Budsjett