Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vel kanal og format

Marknadsføring på tvers av kanalar

Teamet ditt skal lage ein reklamefilm og to annonsar. Éin annonse skal trykkjast i ei regional avis, og éin skal publiserast på nett eller i sosiale media. Bruk informasjon i fagteksten Format for annonsar og reklamefilm som hjelp til å konkretisere formata.

  • Beskriv kva kanalar og format (storleikar og lengder) de har valt.
  • Grunngi vala.
  • Forsøk også å finne ut kva ein slik reklame vil koste i dei kanalane og formata de har bestemt dykk for.

Øvingsoppgåve

Studer desse tre annonsane som er laga for Akvariet i Bergen. Gjer greie for likskapar og skilnader.

Annonse for Akvariet i Bergen. På toppen er biletet av ein koffertfisk. Under følgjer tittelen "Hvorfor er koffertfisken spesialbagasje?" og denne teksten: "I tillegg til å ha et solid panser (Samsonite har mye å lære her), er Koffertfisker (Ostraciidae-familien), også giftige. De skiller ut et skum fra huden som andre fisker bør holde seg unna. Dette kan jo være en utfordring i et akvarium. Men hos oss lever det flere arter fredelig sammen med koffertfisken! På Akvariet er det først og fremst gøy å være for små og store, men husk at du alltid risikerer å vekke LæreLysten!" Vidare følgjer logo, adresse og opningstider for akvariet. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Annonse for Akvariet i Bergen. Portrettet av ein steinbit står til venstre i annonsen. Til høgre står denne teksten: "Møt en typisk bergenser ... På Akvariet i Bergen møter du blant annet denne Flekksteinbiten. Arten er kjent for å ha det i kjeften (stort sett vennligsinnet, men kan bite godt fra seg) og tåler vær og kulde spesielt godt (den har frostvæske i blodet). Både bergensere og steinbit kan godt virke skremmende, men det er mest utenpå. Når man først blir kjent, har man en venn for livet. Velkommen til Akvariet." Logoen til akvariet er plassert nedanfor, og ein finn informasjon om åpningstidene. Faksimile.
Ein såkalla "gif" som viser ei rognkjekse som rører på seg i ein nettannonse. Til høgre for rognkjeksa ser vi tittelen "Vekk lærelysten hos små og store!" og logoen til Akvariet i Bergen. Lengst nede i annonsen er det informasjon om opningstidene til akvariet. Animasjon.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon