Hopp til innhald

Fagstoff

Biletvinklar og kamerarørsler

Vi opplever film som levande bilete. Men eigentleg handlar det om stillbilete som er sette inn i ein biletstraum der utsnitt og biletvinklar stadig vekslar.

Kamerarørsler

Det som skil film frå foto, er moglegheita for kamerarørsler. Rørsle i eit bilete kan skje både ved at kameraet er i rørsle, og ved at personar eller gjenstandar i biletet beveger seg. Når vi skal følgje ein karakter frå bilete til bilete, er det viktig at auget vårt oppfattar kor i biletet personen befinn seg. Fartsretninga i biletet er derfor viktig for kontinuiteten i biletforteljinga.

Kameralinsa kan bevege seg horisontalt (panorering) eller vertikalt (tilting). Ei panorering kan gi ei oversikt over ein situasjon eller følgje ei rørsle horisontalt. Ein tilt kan for eksempel brukast til å vise høgde eller til å avsløre eit fenomen. Det løner seg å planleggje kamerarørsla på førehand. Du må finne ut kor kamera skal starte, og kor det skal stoppe.

Kamerarørsler blir derfor delte inn i tre moment slik det blir demonstrert i videoen nedanfor:

Køyring

Ein mann køyrer filmkamera på skinner. Fotografi.

Vi kallar det køyring når kamera beveger seg framover, bakover eller til sidene. For å oppnå det kan ein plassere kamera på ein dolly. Ein dolly er det same som ei skinnetralle, ei slags tralle med hjul som beveger seg på skinner.

Ein treng ikkje nødvendigvis ein dolly for å gjennomføre køyringar. Ver kreativ, lag din eigen dolly eller fest kamera på noko som rullar stødig, som for eksempel ein rullestol.

Zooming er ikkje ei kamerarørsle, men kan brukast som ein effekt. Det gir lett eit mekanisk uttrykk og er ofte mindre vørda som effekt i film. Kranskott er også ein type kamerarørsle. Ho blir gjort ved at kamera blir montert på den eine enden av ei kran. På den andre enden er det montert motvekter som gjer det mogleg å bevege kamera fritt både horisontalt og vertikalt.

En mann tilter kameraet ved hjelp av en krab. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handhalde kamera

I utgangspunktet er det tilrådd å bruke stativ når ein skal gjere videoopptak. Når ein bruker stativ, får ein eit meir profesjonelt uttrykk på det ein filmar. Samtidig kan handhalde kamera vere svært effektivt om det blir gjort på ein god måte. Skal ein for eksempel filme ei spenningsscene med litt action, kan bruken av handhalde kamera underbyggje actionsekvensen.

Handhalde kamera gir fort assosiasjonar til mobilvideoar og heimevideoopptak fordi biletet skjelv fordi ein ikkje klarer å halde kamera stødig nok. Det er derfor tilrådd å bruke ein skulderrigg eller ha god støtte for kamera når du skal filme med handhalde.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Rettleiing i videoproduksjon