Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Biometrisk teknologi

Dette er saka:

  • Biometriske data blir stadig meir brukt
  • På Gardermoen testar ein ut automatisk passkontroll med ansiktsgjenkjenning.
Ansikt som skannes
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ressursar:

Kjent igjen på Gardermoen

Fakta om ansiktsgjenkjenning

Forskning.no

Begrenset anti-terroreffekt

Visste du at

Noreg innførte e-pass som standard 3. oktober 2005?

Biometrisk pass
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan du svare på dette?

  • Kva er biometrisk teknologi?
  • Kva er biometriske kjenneteikn?
  • Kva meiner ein med ansiktsgjenkjenning?
  • Korleis fungerer ansiktsgjenkjenning?
  • Kva er formålet med å innføre eit system for biometrisk gjenkjenning?
  • Kva for sikkerheitstiltak finst det på ein flyplass?

Drøft i klassa

Biometriske data blir stadig meir brukt. Det blir nytta i sikkerheitskontrollen på flyplassar og er på full fart inn i bransjar som til dømes bank, finans, helsesektor og spelbransjen, for å nemne nokre. Hensikta er å avdekkje bedrageri, falskneri og identitetstjuveri.

Forkjemparar for personvern kritiserer teknologien fordi dei meiner at personlege opplysingar kan misbrukast. Drøft denne problemstillinga i klassa:

  • Kva meiner de er fordelar og ulemper med bruk av ein slik teknologi?
  • Vil vi ha det? Skapar det eit overvakingssamfunn eller bidreg det til auka sikkerheit?
Illustrasjon som viser biometrisk sikkerhet
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Gå saman i grupper på tre – fire personar.

Vel ut fem offentlege personar (til dømes politikar, artist, kjendis, idrettsutøvar).

  • Lag ei liste med ansiktskjenneteikn på vedkomande.
  • Les desse opp for resten av klassa som skal prøve å gjette kven de har valt.

Tips: Det kan vere nødvendig å oppgi kjønn, bransje og kanskje annan informasjon for å hjelpe dei andre litt på veg.

CC BY-NC-SASkrive av Hege Røyert, Bjørn Hugo Pettersen og Hanne-Lisbet Løite. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 29.11.2017

Læringsressursar

Trusselbilete