Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosiale medium og digitale truslar

Ungdomsgutt som datahacker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Justisdepartementet driv nettsida dinutvei.no, som gir råd til menneske som er utsette for nettovergrep og digital vald. IKT-senteret har ein nettressurs om personvern og nettvett for barn og unge i alderen 9–18 år. Målet er å auke bevisstheita og kunnskapen om personvern og dei vala ungdommane tek ved bruk av digitale medium. Digital dømmekraft handlar om å gjere elevane til ansvarlege og trygge nettbrukarar.

Gå inn på heimesida dubestemmer.no, og vel aldersgruppa 13–18 år.

Her får du fire tema å velje mellom:

  • personvern
  • sosial på nett
  • uønskte hendingar
  • digitale spor

Del klassen inn i fire grupper som kvar får eitt av dei fire tema å jobbe med.
Gruppene les seg opp på det valde temaet.
Gruppene lagar ein presentasjon og/eller plakat om sitt tema og framfører i klassen.

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete