Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lagar du eit storyboard

Når manuset ditt er ferdig, er tida kommen for å teikne eit storyboard. Storyboard bruker du til å designe og komponere filmen, og til å planleggje filminnspelinga.

Eit storyboard liknar på mange måtar på ein teikneserie. Men skilnaden er likevel stor. I ein teikneserie skiftar ein ikkje nødvendigvis utsnitt eller vinkel mellom kvar rute. Men i eit storyboard er dette eit vesentleg poeng. Kvar biletrute i storyboardet ditt svarer til eit klipp i den ferdige filmen din.

Tre ruter i et storboard. Første rute viser ein person, andre rute viser to personar og tredje rute viser fem personar i fugleperspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Storyboardet hjelper alle som er involvert i filminnspelinga til å forstå korleis manuset ditt skal filmast. Ei grundig planlagd biletforteljing hjelper også deg og medarbeidarane dine til ikkie å gløyme å filme noko når de gjer filmopptak.

Design og komposisjon

Storyboardet skaper eit visuelt bilete av korleis filmen kjem til å sjå ut før opptaka byrjar. Storyboarding handlar derfor om design og komposisjon av biletforteljinga. Kunnskap om komposisjonsprinsippa er viktig i utarbeidinga av eit storyboard.

I eit storyboard må du gjere val. Du bestemmer kva utsnitt, vinklar og kamerarørsler du vil at filmen din skal innehalde, før du dreg ut på opptaksstaden. Det er viktig at regissøren og fotografen har ei felles forståing av kva som skal filmast.

Eit storyboard gjer at alle involverte i filmproduksjonen veit kva som skal filmast, og ikkje minst korleis det skal filmast. Tenk også på kva uttrykk karakterane skal ha i scena, kanskje får du illustrert det i ansiktsuttrykket i teikninga di.

Lag enkle skisser

Du trenger ikkje vere redd for at du må vere flink til å teikne. Eit storyboard skal vere enkelt. Ofte held det i massevis å teikne strekmenn og enkle skisser. Det er lurt å bruke storyboardark når du skal lage storyboardet.

Rute i storyboard. Til venstre, ansiktet til ein person. Til høgre, detaljar om opptak av scena. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rute i storyboard. Til venstre, ein bil køyrer. Til høgre, detaljar om opptak av scena. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rute i storyboard. Til venstre, augene til ein person. Til høgre, detaljar om opptak av scena.Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her kan du laste ned og skrive ut ein mal til storyboardark:

Filer

Filer

I tillegg treng du blyant og viskelêr. I filmen om storyboardartisten Arne Bye såg vi også at han brukte tusjar og penner for å streke over det han hadde skissa opp med blyant. Hugs bodskapen frå Arne; gjer det enkelt, det handlar berre om å bli forstått!

Digitalt storyboard

Det finst fleire måtar å lage eit digitalt storyboard på. Ein enkel måte er å bruke eit stillbiletkamera. I staden for å teikne kvart enkelt bilete kan du ta stillbilete og setje dei saman til eit storyboard. Ikkje gløym å tenkje på komposisjon når du tek bileta. Tenk på kva utsnitt du treng, kva kameravinklar og perspektiv som passar til scena du skal filme.

Det kan vere lurt at opptaksstadene og det vi ser i biletet, er nokså likt det du ser for deg i den ferdige filmen. Aller helst bør du ta bileta der du har planlagd å gjere filmopptaka. Du treng ikkje få med deg skodespelarane til å stå framfor kamera. Det held med at for eksempel regissøren og fotografen saman markerer for skodespelarane.

Celtx har utvikla ein eigen app for iOS og android som gjer det svært enkelt å lage eit digitalt storyboard ved bruk av mobiltelefonen.

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Videoproduksjon