Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljingsstruktur og karakterutvikling

I ein spelefilm kan du bruke lang tid på å byggje opp karakterar og konfliktar. I ein kortfilm må dette gjerast kort og effektiv. Men uansett lengde bør filmen din byrje med eit anslag, presentere eit problem og vise fram ei forandring.
Gule post-itlappar delt inn i tre grupper. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei forteljing i tre akter

Dei fleste filmar kan delast inn i tre delar, ei byrjing, ein midtdel og ein slutt. Desse delane blir ofte omtalte som «akter». Spelefilmar består ofte av åtte sekvensar på 12 til 15 minutt. Strukturen i ein spelefilm kan for eksempel sjå slik ut:

  • AKT I: Problemet, «set up»
    Første akt byrjar med eit anslag. Anslaget skal gi publikum lyst til å sjå resten av filmen og vise oss kva vi har i vente. Vi blir introduserte for hovudkarakterane og kva miljø dei er i. Konflikten, problemet eller motstanden i filmen blir også presentert.
  • AKT II: Komplikasjonen
    I andre akt kjem vi djupare inn på karakterane og motstanden. Karakterane utviklar seg og blir stilte overfor ulike utfordringar og hindringar. Motstanden aukar, problema blir verre.
  • AKT III: Løysinga
    Vi får ei vriding, ein tvist, og problema blir verre. Alt står på spel. Historia når til slutt eit klimaks. Etter det får vi ei løysing på problemet og ei avslutting der hovudpersonen viser fram nye sider ved seg sjølv som følgje av det han eller ho har vore gjennom.

Denne oppbygginga er ei generalisering, og ikkje meint å skulle bli følgd slavisk. Men ho er eit godt verktøy som gjer deg medviten om korleis du presenterer historia. Det kan vere lurt å ha ho i bakhovudet mens du skriv. Sørg for at spenningskurva di ikkje er ein rett strek!

Struktur og karakterutvikling i kortfilm

I ein kortfilm er det ikkje sikkert det er plass til alle momenta som er lista opp i treaktar-strukturen. Men du bør i det minste ha eit anslag, eit problem og ei forandring. Rytme og dynamikk er like viktig som før. Du har ikkje moglegheit til å bruke lang tid på å etablere karakterane og konflikten. I kortfilm må ein vere effektiv. Men det går an å fortelje mykje om ein karakter og ein konflikt med bruk av berre eitt bilete.

Eit lite tips for å setje i gang historia di kan vere å byrje med ei igangsetjande hending.

I denne videoen på YouTube fortel filmskapar Hallvar Witzø om korleis dette blir gjort.

CC BY-NC-SASkrive av Martin Aune Walther og Ola Røyseland. Rettshavar: Filmverkstedet Samsen
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi