Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skriv synopsis og set opp manus

Ein profesjonell filmproduksjon startar med grundig forarbeid. Lær deg å utvikle synopsisar med tydeleg dramaturgi, og øv deg på å skrive og setje opp eit profesjonelt manus.
Smilande jente sit inntil ein vegg. Ho bøyer kneet og kviler ei skriveblokk på det. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag 1

Skriv ein kort og enkel synopsis som tek utgangspunkt i deg sjølv som hovudperson. Tenk deg at du sit i klasserommet, og plutseleg skjer det noko uventa. Avgrens handlinga til klasserommet og finn på ein slutt på forteljinga.

I synopsisen skal du bruke desse omgrepa:

  • hovudkarakter (protagonist)
  • konflikt/motstand (antagonist)
  • mål
  • vendepunkt
  • klimaks
  • løysing

Tenk så gjennom og beskriv den igangsetjande hendinga i historia di.

Bruk fantasien!

Oppdrag 2

Ta utgangspunkt i synopsisen du har laga, og skriv eit kort og enkelt manus som beskriv éin scene i filmen. Bruk standard oppsett for manusskriving, anten du bruker eit vanleg skriveprogram eller verktøy på nett (til dømes Writer Duet eller Celtx).

I manuset skal du ha med

  • framside med tittel, forfattar og kontaktinformasjonen din
  • sceneoverskrift med scenetal, kvar vi er, og tid på døgnet
  • handling
  • karakterar (med ein kort introduserande karakteristikk)
  • dialog

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Videoproduksjon