Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonalt trusselbilete

Verda er farlegare og meir uføreseieleg, sa forsvarsministeren då han presenterte dei nasjonale trusselvurderingane for 2023. Men korleis påverkar ei uroleg verd trusselbiletet i Noreg?
Væpna politi. To politibetjentar i uniform ber handvåpen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonale trusselvurderingar

Kva for truslar som finst mot Noreg som nasjon, varierer over tid. Både Politiets tryggingsteneste (PST), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) utarbeider årlege rapportar med sine trussel- og risikovurderingar.

I rapportane blir det greidd ut om sannsynet for ulike truslar og risikoar som kan få store samfunnsmessige konsekvensar. Trusselvurdering er mellom anna knytt til terror, spionasje og truslar mot styresmaktspersonar.

PST, E-tenesta og NSM sine årlege rapportar om trusselvurderingar utfyller kvarandre, og gir eit samla trusselbilete for Noreg. Du finn lenker til dei siste rapportane deira nedst på sida.

Rapportane for 2023 blei utarbeidde i ei tid prega av krigen i Ukraina, og Russland blei trekt fram som den største trusselen mot norske interesser. I tillegg blei digitale truslar, spesielt frå ekstreme og radikale grupper, vurdert som alvorlege.

Politiets tryggingsteneste (PST)

Politiets tryggingsteneste sin logo: PST og POLITIETS SIKKERHETSTJENESTE er skrive på svart bakgrunn. Ei gullfarga løve er trykt over skrifta. Foto.

PST har som oppgåve å førebygge og etterforske alvorleg kriminalitet mot tryggleiken i nasjonen. Dei identifiserer og vurderer truslar knytte til etterretning, sabotasje, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, terror og ekstremisme, og dessutan truslar mot styresmaktspersonar. PST er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Etterretningstenesta (E-tenesta)

E-tenesta er utanlandsetterretningstenesta til Noreg. Hovudoppgåva deira er å å varsle om ytre truslar mot Noreg og prioriterte norske interesser. E-tenesta er underlagt forsvarssjefen.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

NSM er Noregs direktorat for førebyggande tryggleik. Dei har mellom anna eit nasjonalt ansvar for å avdekke, varsle og koordinere handtering av alvorlege cyber-angrep.

NSM er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, men Forsvaret har instruksjonsstyresmakt i saker på ansvarsområdet deira.

Trusselvurderingar 2023

PST: Nasjonal trusselvurdering 2023

E-tenesta: FOKUS 2023

NSM: RISIKO 2023: Uforutsigbare tider krever høyere beredskap

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2023

Læringsressursar

Trusselbilete