Hopp til innhald

Fagstoff

Etterretning

Ein del av sikkerheitsarbeidet består i å innhente informasjon om moglege sikkerheits- og terrortruslar. Her vil du lære meir om etterretning.
Politiets sikkerhetstjeneste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PST definerer etterretning slik:

«Etterretning er målrettet innhenting og bearbeiding av informasjon i en kompleks, uoversiktlig og usikker verden, og skal blant annet tjene som beslutningsstøtte for politiske myndigheter. Etterretning kan derfor være et viktig verktøy for risikohåndtering, og er i seg selv verken et gode eller et onde.»

Ulike statar opptrer svært ulikt i etterretningsarbeidet. Vi skil mellom defensiv og offensiv etterretning.

Defensiv etterretning

For land som avgrensar seg til å drive slik etterretning, er målet å innhente informasjon som kan ta vare på samfunnssikkerheita. Informasjon frå slik etterretning kan gi grunnlag for å varsle myndigheiter, bedrifter og innbyggjarar om ein mogleg trussel. Det skjer til dømes når PST sender ut sine trusselvurderingar og anbefaler ulike tiltak. Defensiv etterretning skal verke førebyggjande mot moglege truslar utan å bryte lover og internasjonale normer.

Sjef for PST og justisministeren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Offensiv etterretning

Den offensive etterretninga har som mål å styrkje makta og interessene til eit land. Ofte skjer dette på kostnad av andre land sine interesser og i strid med lover og internasjonale normer. Ulovleg spionasje, ulovleg overvaking og valdsbruk kan vere ein del av offensiv etterretning. Slik etterretning kan ha både militære og økonomiske føremål.

Actionfilmar er sjeldan eigna til å beskrive verkelegheita. Likevel vil du som har sett éin eller fleire filmar med James Bond, kunne kjenne igjen handlingar som høyrer til under offensiv etterretning.

Kven kan true Noreg?

PSTs terrorvurdering for 2015 er ganske klar på kva for statar som er den største trusselen mot Noreg. Dette omtaler dei slik:

«De to statene som Norge ikke har et sikkerhetspolitisk samarbeid med, og som samtidig har de desidert største etterretningskapasitetene, er Russland og Kina. Av disse vurderer vi russisk etterretning til å ha det største skadepotensialet for norske interesser.»

Sjølv om PST er så pass klar, er det viktig å hugse at i all hovudsak dreier Noregs forhold til desse landa seg om tette samarbeid om handel, forsking og miljøarbeid.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Trusselbilete