Hopp til innhald

Fagstoff

Dagleg stell av hóven

«Ingen hóv, ingen hest», seier eit gammalt ordtak. Det stemmer. Hóvane på hesten må vera friske og sunne for at hesten skal kunna bevega seg. Eit anna ordtak seier at «hesten har fem hjarte: eitt i kvart bein, og sjølve hjartet». Det refererer til at hesten pumpar blod ned i hovane og opp att.

Kontroll og reingjering av hóvane er ein del av den daglege rutinen og visiteringa av hesten.

Hóvane skal sjekkast før og etter bruk, men også når hesten står på beite eller har fri. Dersom hesten har sko, undersøkjer du at skoa ikkje er lause, at alle broddar er på plass dersom hesten har broddsko, og du gjer rein hóven. Fjern skit og steinar. Vond og sur lukt frå hóvane kan også vera eit teikn på sjukdom/skade. Sjekk også at hesten ikkje har teikn til sprekker i hóven og sår i kronranda, og at hesten ikkje har sår og skit i kodebøyen.

Skjelett av leggbein og fot frå hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du løftar beina på hesten, kan du stå ved sida av hesten og trykkja forsiktig mot hesten med kroppen din, slik at hesten flyttar vekta over og ikkje heng på det. Hesten skal løfte beina sjølv. Dersom ein hest som vanlegvis villig løftar beina, er uvillig, kan det vera eit teikn på at hesten har smerte eller skade i hóven.

Gjer det til ein vane å kjenna på temperaturen på hóvane. Er hóvane like varme/kalde? Dersom hesten har svært varme hóvar, eller ein hóv har ein annan temperatur enn dei andre, kan det vera eit teikn på at noko er gale.

Lær deg å kjenna etter pulsasjon i hóven. Sterkare pulsasjon i pulsårane som går ned på baksida av koden, kan vera teikn på at noko er gale. Gjer dette til ein dagleg rutine, då vert det lettare å kjenna avvik.

Hestar har behov for verking og eventuelt skoing kvar sjette til åttande veke, men det er variasjonar, avhengig av korleis hóven veks og om det er behov for eventuell korrigering.

Finn ut meir:

Hugselappen:

  • Kontroller og reingjer hóvane til hesten dagleg, og før og etter bruk.
  • Verking/skoing kvar sjette–åttande veke, avhengig av behov.
  • Lær deg å kjenna pulsasjon: normal/avvik.
  • Kjenn etter teikn på sjukdom/skade – dette er førebyggjande tiltak.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget