Hopp til innhald

Fagstoff

Objektiv, brennvidde og lysstyrke

Moderne fotoapparat er utstyrte med objektiv. Eit objektiv samlar lyset som strøymer ut frå eit motiv og gir skarpe og lyssterke bilete. Men objektiv kan vere ulike med omsyn til brennvidde og lysstyrke. Derfor gjeld det å velje eit objektiv som passar til føremålet.
Tre objektiver med forskjellig brennvidde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det aller første kameraet som vart teke i bruk, camera obscura, fanga lyset gjennom eit lite hol i ein boks. Lyset frå motivet vart projisert opp ned på motsett vegg og snudd ved hjelp av ein spegel. Eit holkamera (eng. «pinhole camera») er den aller enklaste forma for kamera som du kan tenkje deg. Det er rett og slett ein boks med eit lite hol (pinhol) som lyset kjem inn gjennom.

Film: Lag eit holkamera

Objektivet

Eit objektiv er eit røyr som består av linser og/eller speglar som er utforma slik at lysstrålane frå eit motiv blir samla og fokusert på biletsensoren som sit bakarst i kameraet. Forskjellige objektiv har forskjellige eigenskapar. Dess meir objektivet er i stand til å forstørre eit motiv, dess større brennvidde har objektivet.

Illustrasjon som viser korleis lyset blir brote i eit objektiv. Foto. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brennvidde og biletvinkel

Det som skil objektiva frå kvarandre, er brennvidda og lysstyrken. Sagt på ein enkel måte er brennvidda avstanden mellom det punktet i objektivet der lyset blir samla og biletsensoren. Denne avstanden blir målet i millimeter og er oppgitt på dei forskjellige objektiva. Enkelt forklart betyr mindre brennvidde mindre grad av zoom eller større biletvinkel.

Kamera og objektiv. Illustrasjon av brennvidde vises. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Objektiv blir derfor delte inn i tre hovudgrupper etter kor stor brennvidde dei har:

  • Vidvinkelobjektiv (ca. 14–35 mm)


    Objektiv med lita brennvidde som gir eit breiare synsfelt enn auga våre. Objektiv med endå mindre brennvidde enn 17 mm blir ofte kalla for ultravidvinkel eller «fisheye».

  • Normalobjektiv (ca. 35–50 mm)


    Objektiv med ei brennvidde som tilsvarar om lag same synsfelt som auga våre.

  • Teleobjektiv (ca. 50 mm og oppover)


    Eit teleobjektiv fungerer omtrent som ein kikkert. Brennvidda er stor, gjerne 200–300 mm og oppover, og det betyr stor avstand mellom punktet der lyset blir brote, og biletbrikka. Objektiva er derfor ofte store og tunge. Kor stor brennvidde eit objektiv har, avgjer dermed kor mykje av motivet som kjem med på biletet.

Prøv sjølv!

  • Lag ein kikkert med handa di og ha henne heilt inn til auget. Legg merke til kor mykje av rommet du får med.
  • Flytt så «kikkerten» din lenger bort frå auget mens du ser gjennom han. Kva får du med i biletet no? Meir eller mindre av rommet?[1]

Det du opplevde no, hjelper deg til å forstå korleis objektiv med ulik brennvidde fungerer. Biletvinkelen blir mindre desto større brennvidde det er på objektivet. Eit vidvinkelobjektiv på 24 mm (handa nært auget) vil derfor ha ein mykje større biletvinkel enn eit telefotoobjektiv på 300 mm (handa langt bort frå auget).

Faste objektiv og zoomobjektiv

Nokre objektiv har berre ei brennvidde, desse blir kalla faste objektiv. Andre objektiv har fleire brennvidder. Dei bli kalla zoomobjektiv. Zoomobjektiv gir deg høve til å komme nærmare eit motiv utan at du treng å flytte deg. Når du bruker eit fast objektiv, må du bruke beina som «zoom» og gå tettare på. Fordelen med fast objektiv er at dei ofte har større lysstyrke og gir skarpare bilete enn zoomobjektiv.

Objektiver med uthevede brennviddetall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lysstyrke

Den andre faktoren som skil objektiva frå kvarandre, er lysstyrke. Nokre objektiv slepp inn meir lys enn andre, dei har større lysstyrke. Slike objektiv eignar seg godt når lysforholda er dårlege og det er vanskeleg å leggje til meir lys. Nyttar du eit objektiv med høg lysstyrke, slepp du å bruke ei høg ISO-innstilling.

Den største blendaropninga på eit objektiv med høg lysstyrke kan for eksempel vere f1.2, mens den største blendaropninga på eit anna objektiv berre er f4.0. For å finne ut kor lyssterkt objektivet ditt er, kan du sjekke informasjonen som står rundt glaset, øvst på objektivet. Der finn du brennvidde angitt i mm, og lysstyrken angitt for eksempel som 1:1.2. Nokre gonger vil det også stå f framfor talverdien på den største blendaropninga.

Bruksområde for ulike objektiv

Forskjellige typar objektiv har ulike bruksområde, men kva for brennvidde du ønskjer å bruke, er opp til deg. Bruksområda nedanfor er rettleiande og ikkje absolutt.

  • Vidvinkelobjektiv


    Objektiva har eit større utsnitt enn det menneskelege auget og eignar seg derfor godt til til dømes landskapsfotografering og interiørfotografering.

  • Normalobjektiv


    Objektiva har eit biletutnitt tilnærma likt det du kan sjå med auget ditt. Mange reportasjebilete og bilete i dei fleste familiealbum er tekne med eit slikt objektiv.

  • Teleobjektiv


    Desse objektiva verkar som ein kikkert, og du kan ta nærbilete av menneske eller gjenstandar som er langt unna. Teleobjektiv eignar seg derfor godt til sportsfotografering og portrettfotografering, og er paparazzifotografen sitt førsteval.

NB!

Merk at dei brennviddene som er oppgitt, er til eit fullformat digitalt spegelreflekskamera. Mange av dei digitale kameraa vi brukar i dag, har ei litt mindre biletbrikke. Dermed blir forstørringa, eller «zoom-graden», større. Vi snakkar om ein cropfactor eller beskjæringsfaktor. Denne beskjæringsfaktoren ligg ofte rundt 1,5. Det gjer at eit objektiv med brennvidde på 100 mm i praksis vil svare til 150 mm (1,5 x 100 = 150) når det blir brukt med eit kamerahus som har slik cropfaktor.

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk