Hopp til innhald

Fagstoff

Fokus

Å fokusere vil seie å skarpstille slik at du får dei delane av motivet som du ønskjer å framheve, til å framstå klart og tydeleg. Dei fleste kameraa har ein autofokus-funksjon som gjer denne jobben for deg. Men dei beste bileta får du dersom du lærer deg å fokusere manuelt.
Jente fotografert i skogen. Fokusfeil har oppstått i bildet. Modellen er uskarp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autofokus

Dei fleste digitale speilreflekskameraa har ein autofokus-funksjon som gjer jobben for deg. Alt du treng å gjere då, er å trykkje utløysarknappen på kameraet halvvegs ned og halde han der. Kameraet vil kan hende gi lyd eller eit lys i søkjaren som bekrefter fokuseringa. Deretter er det berre å trykkje heile vegen ned på utløysaren for å fange biletet.

Autofokusfunksjonen kan bli lurt både av andre motiv som rører seg i bakgrunnen, og av vanskelege lystilhøve. Hugs at kameraet ikkje veit kva du vil ta bilete av! I slike tilfelle kan det vere betre å bruke manuell fokusering, eller låse fast fokusområde i biletet.

Fokuspunkt

Kamera frå ulike produsentar har ikkje like mange fokuspunkt. Fokuspunkta er små firkantar som blir viste når du kikkar på motivet ditt gjennom okularet («kikholet»), eller på skjermen bak på kamerahuset. Desse firkantane kjem sjølvsagt ikkje med på biletet du fotograferer, dei er berre ein del av biletinformasjonen som blir vist på skjermen din. Fokuspunkta blir brukte til å velje kor på biletflata du ønskjer å skarpstille. Firkanten i midten er som regel førehandsvald, men du kan fritt velje andre fokuspunkt om du ønskjer å leggje fokus meir mot venstre eller høgre i biletet.

Fokuspunkter på en kamersskjerm. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan låse fast eit område av motivet som du vil skal vere heilt i fokus. Det kan vere spesielt nyttig når motivet er i rørsle.

Filmklipp: Fokus og fokuspunkt

Manuell fokusering

Å fokusere er ikkje det same som å bruke zoom på objektivet. Dersom du vil fokusere manuelt, må du hugse på å slå av autofokus-funksjonen (AF) og bruke fokus-ringen (1), ikkje zoom-ringen (3) på objektivet.

Kamera med objektiv hvor zoomring, 1, autofokusknapp, 2, og zoomring, 3, er markert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk