Hopp til innhald

Fagstoff

Naturbaserte aktivitetar og økoturisme

Mange turistar søker andre opplevingar enn dei tradisjonelle reisemåla med sol og strand der alt er inkludert. Dei ønsker å oppleve noko litt utanom det vanlege, borte frå mas og kommersielt press. Økoturisme er eit tilbod til denne gruppa.
Menneske som padlar kajakkar i ein fjord. Høge fjell på sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motiva for den nye typen turisme er mellom anna å komme nærare naturen og oppleve noko ein ikkje har opplevd før. Turistane ønsker tette møte med natur og kultur på stadene dei oppsøker. Dei ønsker ro og stille.

Mange har likevel behov for tilrettelagde feriar med forslag til aktivitetar. Det kan handle om alt frå turgåing til meir fartsfylte aktivitetar som rafting og terrengsykling. Vinterturismen veks, og skigåing, både i preparerte løyper og utanfor spora, har vorte populært.

Mange i denne turistgruppa ønsker enkel komfort i skog- og fjellhytter utan innlagt vatn og straum. Telt på vidda freistar nokon. Andre vil ha meir komfort og ønsker hytter og utleigehus med høgare standard, men som likevel ber preg av lokal kultur og tradisjon.

Diskuter i klassen

Kvar går grensa for kva vi kan kalle økoturisme? Kva høyrer ikkje til under omgrepet? Kan vi bruke

  • snøskuter
  • vasskuter
  • firehjuling (ATV)

Finn argument både for og mot.

Nedsnødd hytte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norsk økoturisme

  • er natur- og kulturbasert og har økoturisme som grunnfilosofi for heile verksemda si
  • bidreg aktivt til natur- og kulturvern, har god kjennskap til eigen miljøpåverknad og utøver alltid ei føre-var-haldning
  • strevar etter å drive mest mogleg berekraftig, og gjennom det å balansere økologiske, kulturelle, sosiale og økonomiske omsyn
  • bidreg positivt i lokalsamfunnet, bruker lokal arbeidskraft, lokale tenester og produkt, jobbar for auka samarbeid og utviser eit generelt samfunnsansvar
  • bidreg til å ta vare på verneverdige bygg og har stadstilpassing, lokal byggeskikk og særpreg som eit generelt mål i val av materiale og løysingar
  • stiller spesielt høge krav til vertskap og gaidar. Formidling og læring er ein sentral del av produktet.
  • tilbyr minneverdige opplevingar og skaper møteplassar som gir innsikt i lokalkultur, lokalsamfunn og miljø

Kjelde: Norsk Økoturisme

Hugselappen

Viktige stikkord for økoturisme:

  • er naturbasert
  • bygger på lokal kultur
  • er berekraftig
  • bidreg til vern av natur og kultur
  • bygger på småskalabedrifter
  • er lokalt organisert
  • tener lokalsamfunnet
  • bidreg til læring

Økoturistane ønsker tette møte med natur og kultur på stadene dei oppsøker.

CC BY-SASkrive av Anita Andersen, Tone Olavsdotter Mosebø og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Friluftsliv og naturbasert reiseliv