Hopp til innhald

Fagstoff

Å skape haldningar og endre åtferd

Arbeid med reklame og reklamekampanjar handlar om å skape positive haldningar til ei merkevare og få potensielle kundar til å innsjå at livet blir litt betre, enklare og artigare om dei kjøper eit bestemt produkt.
Ei kvinne og ein mann på ein moped av merket Vespa. Reklameplakat.

Å jobbe med reklame handlar om å gjere kjent, skape haldningar og endre åtferd.

Målet er at kundegruppa skal bli kjend med eller få ei påminning om eit produkt, for så å bli positivt innstilt og få lyst på produktet.

Målretting av bodskap er viktig, både med omsyn til kven reklamen skal treffe, og kva haldningar og forventingar han skal skape hos ein potensiell kunde.

Til sjuande og sist skal reklamen skape motivasjon nok hos ein mottakar til at han eller ho faktisk kjøper ei teneste eller ei bestemd vare.

Kjendisar og kjendisliv har alltid vore sentralt i marknadsføring. Med internett og sosiale media har eit breiare spekter kjendisar kome til. No er ikkje berømde skodespelarar frå Hollywood åleine om å vere attraktive i marknadsføringbransjen. Influensarar frå YouTube-kanalar og Instagram blir tilgodesett store delar av budsjett for marknadsføring.

Tenk over:

  • Kva kjendisar veit du har vore med i marknadsføring?
  • Kva type kjendis er det?
  • I kva kanal er reklamen?
  • Kven er målgruppa?

Sjå filmen under og tenk over spørsmåla ein gong til.

IKKE TRÅKK OVER STREKEN! Arman tester TIP (Youtube.com)

Produktet skal løyse eit problem

Å lage og publisere reklame er kostbart. Reklamebyrået jobbar derfor tett med oppdragsgivar for å bli godt kjent med produktet og målgruppa. I reklamebyrået blir ulike yrkesroller sette saman i team, og teamet bruker ulike framgangsmåtar for å vere sikker på å treffe rett med omsyn til bodskap, målgruppe og formidlingskanalar.

Ei viktig oppgåve for teamet er å finne ut kva «problem» produktet kan løyse for kunden. Arbeidsmetodane handlar om alt frå å gjere intervju med personar i målgruppa og sjå på salsstatistikkar hos oppdragsgivar til å drive med kreativ idéutvikling i teamet.

Når ein reklame vekkjer lysta og interessa eller skaper forventingar til eit produkt eller ei teneste, er reklamen godt på veg til å lykkast.

Eksempel 1

Try/Apt har laga reklamen nedanfor for Møller bil. Hensikta er å nå potensielle kundegrupper og for å få dei til å bruke pengar på tenestene og varene dei tilbyr. Om forbrukarar kjøper seg ein Volkswagen Amarok hos Møller bil etter å ha sett ein reklame, er målet nådd.

I brødteksten under biletet i annonsen står det:

«Nye Volkswagen Amarok.
Skillet mellom jobb og fritid har aldri vært mindre.
La det være sagt: Nye Amarok er en arbeidsplass fremfor noe annet. Med høy lastekapasitet og suverene terrengegenskaper tar den deg fram nesten overalt. Men med klassens romsligste førerplass, radio, CD, klimaanlegg og elektronisk styrt 4MOTION med ESP antiskrens er den også svært sikker og komfortabel. Ikke bare til pickup å være, men sammenlignet med en hvilken som helst varebil. Vi har kort sagt satt en egen Volkswagen-standard i pickupklassen. Det er din tur til å prøve. Volkswagen Nyttekjøretøy. Norges mest populære arbeidsplass på fire hjul.»

Reklameannonse for Møller bil. Reklameannonse.

Eksempel 2

DNB Spare - Vi heier på alle som sparer til reise!

Studer bilannonsen og sjå reklamefilmen.

  • Kva målgruppe er reklamen retta mot?
  • Kva draumar speler han på?
  • Kva lovnadar gir han?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon