Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kostnader t/r Oslo - Lillehammer

I denne oppgåva skal du vurdere økonomi, tid, miljø for strekninga Oslo - Lillehammer.
NSB-tog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Henrik Jensen (40) bur i Oslo, i Schleppegrells gate 26.
  • Han jobbar tre dagar i veka på Lillehammer.
  • Han tek buss til Oslo S og reiser med tog til Lillehammer.
  • Han reiser måndag ettermiddag kl. 16.00 heimanfrå.
  • Fredags morgon etter kl. 09.00 reiser han med tog attende frå Lillehammer til Oslo S.
  • Han tek buss frå Oslo S til Schleppegrells gate 26.

Tips til informasjon:

For togtider: Vy
For kollektivtrafikk Oslo: Ruter

Buss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Lag eit reiseskjema med avgangstider og innetider på måndag til buss og tog.
  2. Lag eit reiseskjema med avgangstider og innetider på fredag til tog og buss.
  3. Lag eit kostnadsoversyn for denne veka.
  4. Veka etter køyrer Henrik Jensen bil tur-retur frå Oslo til Lillehammer. Kor mange kilometer skal Henrik køyre denne veka?
    Rekn med at bilen kostar kr 7 per km.
  5. Kor mykje kostar bilturen denne veka då?
  6. Sjekk med Miljøkalkulatoren hos Vy kor mykje CO 2 -utslepp og energi det blir å reise med tog og bil frå Oslo S til Lillehammer.
  7. Kva synest du om tala du får opp på spørsmål 6?
  8. Sjekk igjen Miljøkalkulatoren hos Vy når Henrik skal reise med tog til Lillehammer og el-bil til Lillehammer. Kor mykje klimautslepp og energi blir det på tog og el-bil?
  9. Kva synest du om tala du får opp på spørsmål 8?
CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Transporttenester