Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kameraøvingar

For å bli ein god fotograf må du først gjere deg kjend med kameraet ditt. Her er nokre tips til korleis du bruker ISO-, lukkar- og blendarinnstillingane.

Leik med djupneskarpleik

Djupneskarpleiken i bilete avgjer ofte i kva grad bakgrunnen i motivet er skarp eller uskarp. Liten eller stor djupneskarpleik blir bestemt av blendartal, nærleik til fokuspunktet og zoomgrad.

Portrett av en jente som viser forskjellen på stor og liten dybdeskarphet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik tek du bilete med ulik djupneskarpleik

  1. Vel eit eigna motiv, gjerne med ein bakgrunn som gradvis blir borte innover i motivet – til dømes ikkje ein flat vegg.
  2. Set kamera i M (manuell) eller AV (Canon) / A (Nikon), og vel eit lite (til dømes f/4.0) eller stort blendartal (til dømes f/16).
  3. Ta gjerne same motiv to gonger med forskjellig djupneskarpleik, og samanlikn resultatet.

Tips til innstilling av blendarverdi

  • Liten djupneskarpleik gir flotte fokuspunkt som er godt framheva frå bakgrunnen. For å oppnå liten djupneskarpleik må du bruke eit lite blendartal. Lite blendartal representerer i praksis ei stor blendaropning, noko som betyr at mykje lys kjem inn raskt. Med stor blendaropning blir òg lukkartida kort, så det trengst som regel ikkje stativ for å få skarpe bilete.
  • Bruker du stor djupneskarpleik, blir det motsett. Eit stort blendartal representerer ei lita blendaropning. Då kjem det nødvendigvis mindre lys gjennom, og lukkartidene blir lengre. Ofte er det derfor lurt å bruke stativ når du arbeider med stor djupneskarpleik.

Same øving kan du òg gjere med ISO-verdiane for å samanlikne mykje og lite ISO-støy.

Leik med lukkartid

Lange og korte lukkartider gjer bileta dine heilt spesielle. Årsaka til det er rett og slett at bileta viser noko vi ikkje er i stand til å oppfatte på same måten med auga våre. Vi kan jo sjå motivet, men ikkje korleis det blir om det til dømes blir lagra over lang tid, slik lang lukkartid gjer.

London Eye fotografert med lang lukkartid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik tek du bilete med lang lukkartid

  1. Finn eit fint motiv, og dra dit når det er mørkt.
  2. Set kameraet på stativ.
  3. Vel M (manuell) eller TV (Canon) / S (Nikon) og set lukkartida til 1, 2, 4, 8 sekund eller meir avhengig av kor mørkt det er, og kor tydeleg du ønskjer effekten.
  4. Bruk gjerne sjølvutløysaren. Då unngår du kamerarørsler når du trykkjer ned utløysarknappen.

Du har no teke eit bilete med lang lukkartid (illustrasjonsbilete 1). Ønskjer du å lage illustrasjonsbilete 2, bruker du same innstilling, men tek kameraet av stativet. Mens lukkaren er open, det vil seie når eksponeringa startar, beveger eller roterer du kameraet på forskjellige måtar. Dei lyse delane av motivet vil dermed skifte posisjon i høve til biletsensoren i kameraet, og resultatet ser ut som lysliner.

Tips til innstilling av lukkartid

Dei aller fleste kan handhalde eit kamera med lukkartid på 1/30. Dersom du skal bruke lengre lukkartid enn dette, bør du anten støtte deg til noko stødig, eller aller helst bruke eit stativ.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk