Hopp til innhald

Fagstoff

ISO

Lyset ein solblank sommardag er ganske forskjellig frå det Iyset som når kameraet ditt ein sein ettermiddag i desember. Dette må du ta høgd for når du er ute på fotooppdrag. ISO seier noko om kor lyskjensleg biletsensoren i kameraet skal vere.
Portrett som viser forskjellen på mye og lite isostøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er det ein solskinsdag, held det med låg ISO, som for eksempel ISO 100. Dersom du er i ein mørk konsertsal, bør du bruke ein høg ISO, som for eksempel ISO 1600. Vi stiller ISO etter lystilhøva ved opptaksstaden, og gjerne før vi byrjar å stille inn blendaropning og lukkartid. Rett val av ISO-verdi sikrar at lukkartida ikkje blir for lang, og at bileta dermed blir skarpe. Ein høg ISO-verdi gir meir biletstøy, men det vil likevel vere betre enn at bileta dine blir uskarpe.

For kvart trinn oppover i skalaen blir kjenlegheita for lys dobla, mens ho blir halvert i motsett retning. ISO-skalaen ser slik ut:

Biletstøy

Dersom du bruker ein høg ISO, for eksempel ISO 3200–25600, vil du få det vi kallar digital støy i biletet. Det kan sjå ut som pikslar med fargevariasjonar. Heilt enkelt forklart er støy ein biverknad av den elektriske ladninga som krevst for å gjere biletsensoren meir følsam for lys. Desto høgare ISO ein bruker, desto meir støy vil det bli i biletet. Kvalitetsmessig kan dette gjere biletet noko uskarpt, verke forstyrrande og gi inntrykk av dårleg handverk.

Bildekollasj som viser forskjellen på iso 100 og iso 25600.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kor framtredande støyen blir, avheng av type kamera ein bruker. Kompaktkamera vil gi meir støy ved høg ISO enn eit kostbart spegelreflekskamera. For å unngå dette vil dei fleste ikkje bruke høgare ISO enn 100–400, og heller passe på å ha mest mogleg lys tilgjengeleg. Lyssterke objektiv er dyre, men slepp inn meir lys enn billige objektiv.

Den kreative effekten av støy

Av og til har ein ikkje noko anna val enn å bruke høg ISO. Då er ein nøydd til å godta støy. Toleranse for støy i bilete er avhengig av kva sjanger ein jobbar i. Innan reklamefotografering vil bilete med støy som oftast bli vurderte som ubrukelege. I dokumentarfoto, og spesielt kunstfoto, er det høgare toleranse for støy. Nokre kunstfotografar synest digital støy gir biletet ein spesiell estetisk dimensjon. Dei bruker støy medvite som eit verkemiddel i bileta sine. Dei kan til og med finne på å leggje til støy, støv eller korn i bileta sine i etterarbeidet.

Kunstfoto av et tre i tåke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst også fleire moglegheiter for å redusere digitalt støy i etterarbeidet, men det aller beste og billigaste alternativet er likevel å sørgje for rikeleg med lys på opptaksstaden når du skal ta biletet.

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Kamerateknikk