Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis fungerer eit kamera?

Ordet kamera kjem av «mørkt kammer», og det er nettopp slik eit kamera fungerer. Det er ein lystett, mørk boks som berre slepp inn lys når du trykkjer på utløysarknappen. Lyset skapar så eit bilete på den analoge filmen eller den digitale biletbrikka.

Alt på 300-talet f.Kr. skildra Aristoteles korleis det å sleppe inn dagslys gjennom eit lite hol i ein vegg gir eit opp-ned-bilete av omgivnadene på motsett vegg. Innretninga fekk etter kvart namnet camera obscura, som er latin for «mørkt rom». Leonardo da Vinci skildrar på 1500-talet korleis han brukar camera obscura som eit teikneapparat. Rommet han brukte, var så stort at han sjølv kunne stå inne i det og teikne av motivet på papir.

Omkring 1700 vart teiknekameraet vidareutvikla med linse og skråstilt spegel. På denne måten vart kameraa meir lyssterke og transportable. Moderne spegelreflekskamera bruker spegel på same måten for å gi eit rett søkjebilete på skjermen.

Fotoapparat i deler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Objektivet

Hovudoppgåva til objektivet er å samle lysstrålar og fokusere dei på filmen. Å eksponere tyder å utsetje for lys. Den mørke boksen må vere heilt lystett slik at det berre er det lyset som blir sleppt inn gjennom objektivet, som eksponerer filmen. Å lage eit bilete er rett og slett å utsetje film for lys.

Delvis gjennomsiktig fotoapparat med objektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Objektivet gjer det også mogleg å stille motivet ditt skarpt. Dette heiter å fokusere biletet. Ved å bruke forskjellige objektiv kan du velje forskjellige utsnitt:

  • Normalobjektiv gir eit biletutnitt tilnærma likt det du kan sjå med auget ditt.
  • Vidvinkelobjektiv har eit større utsnitt enn menneskeauget. Det eignar seg derfor godt til landskapsfotografering.
  • Teleobjektiv fungerer som ein kikkert og kan ta nærbilete av menneske eller gjenstandar som er langt unna.

Innstillingar for eksponering

I dag er fotografen avhengig av å kunne få konsekvente og føreseilege resultat når han arbeider. Moderne kamera styrer kor mykje lys som blir sleppt inn (eksponeringa) gjennom kombinasjonen av to kamerafunksjonar: lukkartid og blendaropning. Sjølv om det finst mange forskjellige typar kamera i alle slags storleikar, er dei grunnleggjande funksjonane universelle. Sjølv med små kompaktkamera er det i dag råd å styre innstillingar for blendaropning, lukkartid og ISO.

Det er lukkartida og blendaropninga som styrer mengda lys som treff sensoren, medan ISO-verdien seier noko om kor kjensleg biletbrikka er for lys. Ved å bruke ein kombinasjon av dei tre grunnpilarane i fotografi, altså blendaropning, lukkartid og ISO, kan vi styre eksponeringa av eit motiv.

Tre forskjellige eksponeringar av samme landskapsmotiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk